Wikinytt:Målnøytralitet-nn

Fra Wikinytt

Den her sida finst òg på bokmål

Wikinytt–retningslinjer

Manifest (nn)

Målsetning (nn)
Målnøytralitet (nn)
Nøytralt ståsted (nn)

Opphavsrett (nn)
Bildepolicy (nn)

Oppførsel (nn)


Merk at det her er eit debattframlegg, og ikkje endå offisielle retningsliner for Wikinytt!

Samarbeid mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar kan vere vanskeleg å koordinere. Difor har Wikinytt sett opp følgjande rettledande retningsliner for målbruk i prosjektet:

Om nynorsk og bokmål[rediger]

§1a) Nynorsk og bokmål er i følgje norsk lov to heilt likestilte norske skriftspråk, og skal difor òg vere likestilte på den fellesnorske Wikinytt-portalen.

§1b) Wikinytt er IKKJE ein base for målstrid korkje for eller mot nokon av dei to offisielle norske målførene, og Wikinytt skal difor - i det lengste det er mogleg - tilpassast sånn at ingen kjenner seg framandgjorde eller nedprioriterte grunna målføret sitt.

§1c) Det er eit enkelt faktum (uansett kva for statistikk som vert nytta) at fleirtalet av den norske folkesetnaden har bokmål som hovudmål, og difor er nynorsk-brukarar nøydde til å akseptere at bokmål blir prioritert der målnøytralitet er umogeleg.

Målmerking av «offisielle» Wikinytt-sider[rediger]

§2a) Alle malar og «offisielle» Wikinytt-sider skal ha titlar som vert avslutta med «-nb» (bokmål) eller «-nn» (nynorsk) for å unngå omdirigeringar og rot i framtida når den aktuelle sida vert omsett til eit anna målføre.

§2b) Sidene skal merkast med anten {{bokmål-lenkje|SIDENAMN-nb}} eller {{nynorsk-lenkje|SIDENAMN-nn}}.

§2c) Wikinyttsider som ikkje har målføremerke skal merkast med {{Målførenøytral}}. Det vil gjere sida om til ein portal med lenkje til den omtala sida på begge målformer.

Omsetjing av artiklar[rediger]

§3a) Ein artikkel skriven med «lovlege former» på eitt av dei to målføra skal ikkje omsetjast utan vidare om det ikkje ligg føre heilt spesielle grunnar for det. Ein artikkel som er omsett til eit anna målføre utan grunngjeving kjem utan vidare til å verte omsett til det originale målføret igjen.

§3b) Om du ser at ein artikkel treng utviding, men ikkje kjenner deg trygg på målføret den er skriven i kan du ta diskusjonssida i bruk. Skriv kort ned kva som lyt endrast/oppdaterast, og fyll inn «VIKTIG: Treng oppdatering» (eller noko liknande) i samandragsruta.

§3c)Med «lovlege former» meinast språkbruk som kan underbyggast gjennom oppslag i ordboka

Språkressursar[rediger]