Hopp til innhold

Disney kjøper Pixar for 7,4 milliardar dollar

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 25. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Kultur
Kultur
Relaterte saker
Mer informasjon om kultur på Wikipedia:


Hovedinngangen til Pixar Animation Studios i Emeryville, California
Foto: P.gobin

USA: Disney sitt kjøp av animasjonsgiganten Pixar inneber ei heilomvending for grunnleggjaren av Apple, Steve Jobs, som eig meir enn halvparten av Pixar. Kjøpet inneber at Jobs får ein plass i styret i Disney, melder BBC News.

Pixar har hatt ein distribusjonsavtale med Disney som skulle ha gått ut i slutten av året. Sidan føretaka ikkje har komme overeins om korleis vinsten skulle delast i samband med ein ny avtale, såg det ut som Disney og Pixar ville splittast.

Når no Disney kjøper Pixar for 7,4 milliardar dollar inneber det ei heilomvending. Den noverande sjefen i Disney, Robert Iger, har lukkast med å løyse konflikta mellom Steve Jobs og den tidlegare sjefen i Disney, Michael Eisner.

- Med transaksjonen ynskjer vi velkommen den unike kulturen på Pixar, som på to tiår har skapt nokre av dei mest innovative og framgongsrike filmane i historia, uttala Iger.

Disney skal ha tent omkring 3,2 milliardar dollar på Pixar sine seks filmar, men mange analytikarar meiner den store fortenesta ligg i att Disney får tilgong til den kreative krafta som finst hjå Pixar.

John Lasseter, mannen som pleier å få æra for den kreative atmosfæren på Pixar, kjem gjennom kjøpet ikkje berre til å bli sjef for animasjonssegmentet til Disney, men òg for Walt Disney Imagineering som står bak førnøyelsesparkane til Disney.

Kjelder

[rediger]



Denne nyhetssaken er en kort telegramartikkel. Vet du mer om nyhetssaken, kan du hjelpe til med å utvide den.

Lurer du på hvordan du kan gjøre artikkelen bedre? Se Hvordan skrive en artikkel