Wikinytt:Velkomen-nn

Fra Wikinytt
(Omdirigert fra «Wikinytt:Velkomen»)

Den her sida finst òg på bokmål

Velkommen til Wikinytt!

Wikinytt er ein nyhendeportal med fritt innhald skrive på dugnad. Innhaldet står dermed fritt til å bli brukt andre stader, eller det kan arbeidast vidare på her.

Du kan vere med

Som namnet seier er Wikinytt ein wiki, noko som tyder at alle, også du, kan redigere nesten alle artiklane her. Du kan gjere det ved å klikke på «endre» (bokmål: «rediger») øvst på sida eller i eit avsnitt, skrive i boksen som då kjem fram, og så trykkje på «Lagre» under han. Ikkje ver redd for å gjere endringar! Andre kan rette dine feil igjen, og det er enkelt å hente fram igjen ein tidlegare versjon av artikkelen dersom ein treng det. Bruk gjerne sandkassa vår til å gjere uhøgtidelege forsøk.

Sjå elles Skriv ein artikkel, Spørsmål og Svar og Brukarportalen for meir, og ver heller ikkje redd for å spørje om det du lurer på i Desken.

Registrering

Du treng ikkje brukarkonto for å redigere artiklar, men det gjev mange fordelar både for deg og andre om du registrerer deg — du kan laste opp bilete og markere endringar som mindre viktige, medan andre kan kontakte deg med spørsmål og ros. Å opprette ein brukarkonto er gratis, anonymt og tek eit par sekund. Som registrert brukar får du ei brukarside der du kan skrive litt om deg sjølv, og ei diskusjonsside der du kan snakke med andre brukarar.

Skikk og bruk

Wikinytt har utarbeidd nokre få, men viktige retningsliner for å tryggje kvaliteten på artiklane og trivselen til dei som deltek her.

  • Ver vennleg
Viktigast av alt er å skapa eit positivt miljø der alle kjenner seg oppmuntra til å medverke. Den beste måten å gjere dette på er å vera vennleg, gje konstruktiv kritikk, og skilje mellom sak og person når det er usemje om noko.
  • Nøytralitet
Wikinytt skal, so langt det er mogleg vere ein objektiv nyhendeportal, og vi vil derfor ha så saklege artiklar som råd er. Oppstår det problem, til dømes med subjektiviteten til ein artikkel, brukar vi diskusjonssida til artikkelen for å verte einige om ei løysing som alle kan godta.
  • Fri lisens
Wikinytt er frigjeve etter ein Creative Commons-lisens (CC), slik at alt innhaldet kan brukast fritt overalt. Ikkje bruk innhald som er verna av opphavsrett! Du kan derimot fritt omsetje artiklar frå andre wikinytt-versjoner.
Ha det kjekt!