Universitetet i Bergen satsar på forsking i Nil-regionen

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 15. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Nilen.
Foto: Jacques Descloitres, MODIS Rapid Response Team, NASA/GSFC

Bergen: Med alt frå nærast anarkiske, statslause samfunn i Sør-Sudan, som ikkje ein gong vert styrte av lokale høvdingar, til Egypt-området som har danna grunnlaget for nokon av dei tidlegast kjende statsdanningane i historia, er Nil-regionen eit av dei mest spennande forskingsområda i verda i dag. Det gav professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Terje Tvedt eit engasjert uttrykk for under opninga av the Nile Basin Research Programme (NBRP) i dag.

Utviklingsminister Erik Solheim var til stade på den offisielle opninga av programmet, som tek sikte på å drive langsiktig kompetanse- og nettverksutbygging i Nil-regionen, mellom anna gjennom eit gjesteforskingsprogram mellom UiB og institusjonar i regionen.

Forskingsprogrammet er ei vidareføring av ein lang tradisjon Universitetet i Bergen har for å drive forsking på Nilen og områda i kring ho. No skal universitetet arbeide for å danne grunnlaget for nøytral forsking i området og byggje opp langsiktig kompetanse i regionen.

NBRP går inn som ein del av the Nile Basin Initiative (NBI), eit initiativ som vart oppretta med stønad frå Verdsbanken i 1999 med hovudsete i Uganda. The Nile Basin Initiative skal skape fred og samarbeid i ein region som mange har spådd å fostre enorme naturressurs-konflikter i framtida, noko utviklingsminister Erik Solheim òg viste til under opninga. Han sa at strid om vassressursar i store elveområder har eit av dei største konfliktpotensiala vi kjenner til i dag.

- Egypt, til dømes, kan ikkje eksistere utan Nilen: Alle som har vore i Egypt i nær fortid veit at det landet hovudsakleg består av ei tynn stripe rundt Nilen; der bur nesten heile folkesetnaden. Viss eit naboland av Egypt kan stoppe vasstilførselen til landet, til dømes gjennom storstilt irrigrering av jordbruksland, er det ingen som har nokon grunn til å tru at Egypt har noko anna val enn å gå til krig mot det landet, sa utviklingsministeren på møtet for å skildre kor stort konfliktpotensiale som faktisk ligg i vatn.

Logoen til the Nile Basin Research Programme
Utforming: Erlend Eidsvik/Senter for utviklingsstudiar, NBRP

Må ikkje stire seg blinde på sjølve Nilen[rediger]

- Nilen er det samanbindande i regionen og i forskingsprogrammet, men; det her prosjektet skal ikkje fokusere einsidig på vatn og vassressursar. Stirar vi oss blinde på sjølve Nilen, vil moglegheiten for å skape fred og samarbeid i regionen forsvinne, sa professor ved UiB, Terje Tvedt i sitt innlegg. Han fokuserte på at NBRP kan få store ringverknader for andre forskingsfelt på universitetet, og at forskinga måtte ta for seg større samfunnsvitskaplege spørsmål.

- Kva er ein stat? Kva er grunnlaget for staten sin legitimitet, og kva er grunnen til at staten kollapsar? spurte professoren. I Nil-regionen fins det enorme mengder både historisk og geografisk dokumentasjon frå tusenvis av år tilbake. I det gamle Egypt vart vasstanden i Nilen grundig dokumentert, nettopp fordi den danna grunnlaget for all økonomisk vekst og nedgang i området. Gjekk vasstanden opp, kunne farao kreve høg skatt og omvendt.

Frå kolonitida fins det andre, store dokumentasjonskjelder som vart oppretta av kolonistyret til Storbritannia. Der er mellom anna koplinga mellom klima og sjukdomar i området dokumentert i detalj, sidan malaria og andre tropesjukdomar førte til store effektivitetsproblem for kolonistyret.

I den her massive kjelda til dokumentasjon ønskjer Tvedt å skape grunnlag for mange spennande nye avhandlingar og studiar på universitetet. Kanskje kan koplinga i si tid òg føre til studentutveksling til regionen, men i første rekke er fokuset retta mot nettverksbygging i sjølve regionen.

Nil-regionen; eit satsingsområde for Noreg[rediger]

Opninga av NBRP-prosjektet kjem i ei tid då Nil-regionen har mykje fokus grunna konflikta i Sør-Sudan, og utviklingsminister Erik Solheim sa at det her prosjektet berre er eitt av mange norske engasjement i området. Utanriksdepartementet har fire satsingsområder i regionen som han viste til med ønskje om at det her prosjektet kan bidra.

- Sudan er den delen av verda der Noreg har det absolutt største samla engasjementet i dag, sa ministeren. Han viste til striden i Sør-Sudan der heile 2 - 2,5 millionar menneske er internerte i flyktningeleirar. Han meinte at Noreg har truverd og kompetanse nok til å kunne bidra til fred og forsoning i eit område der fred er sjeldnare enn krig.

Olje- og Vasskraftpotensialet i regionen er naturleg nok òg eit satsingsområde for norsk UD, og ministeren gav uttrykk for at norsk kunnskap om skånsom og miljøvenleg utvikling av vasskraftverk var viktig å vidarebringe. Her var miljøet det viktigaste, for trass i at ministeren meinte at Noreg dei siste åra har hamna bakpå internasjonalt når det gjeld miljøvern, har han sett opp det som eit viktig satsingsområde.

Kvinnene sin posisjon i samfunnet er det fjerde punktet der norsk kunnskap og erfaring skal vidarebringast, sa Solheim. "Noreg vert internasjonalt rekna som eit føregangsland når det kjem til kvinner og deira posisjon i samfunnet."

Relaterde nyhende[rediger]

Wikinews
Den her artikkelen inneheld førstehandsjournalistikk av ein Wikinytt-brukar. Sjå diskusjonssida for meir informasjon. Førstehandsartiklar kan omsetjast gjennom WORTNET.

Kjelde[rediger]