Wikinytt:Førstehandsrapportering-nn

Fra Wikinytt

Den her sida finst òg på bokmål

Om du har sjansen til det kan det vere særs nyttig å drive førstehandsjournalistikk; å ta kontakt med personar eller organisasjonar personleg for å intervjue dei eller søkje fram tidlegare upublisert materiale hos dei på eit anna vis. Du har òg kanskje lyst til å sende inn ei augevitneskildring av ei fersk nyhending. Hugs å merke artikkelen med {{Nn-Førstehand}} (Bokmål: {{Nb-Førstehånd}})

Ta notat[rediger]

Du lyt ha grunnlag for absolutt alt du inkluderar i ein førstehandsartikkel. Difor bør du halde gode notat, og helst legge desse ut på diskusjonssidene til den aktuelle artikkelen. Merk artikkelen som førstehandsjournalistikk (skriv inn {{Nn-Førstehand}} øvst i artikkelteksten). Inkluder alt du kan av informasjon, som til dømes avskrifter av intervju og epostar/brev. Du kan laste opp lydfiler til Commons (hugs å merke dei godt).

Når du skal ta kjappe notat kan det vere hjelpsamt å prøve å utvikle ein personleg teknikk. Til dømes kan du korte ned orda du skriv ved å kutte vokalane. I desse notata bør det gå klårt fram kva som er direkte sitat, og kva som ikkje er det.

Viss deg om at du identifiserar deg sjølv klårt på artikkelen si diskusjonsside for at andre brukarar kan halde oversikt over kven som kan gå god for prov og påstander som vert lagt fram i artikkelen. WikiNytt har som ei av sine viktigaste målsetjingar å verte teken alvorleg som nyhendekjelde, og då er det hjelpsamt med alle former for autentisering av stoffet vi publiserar. Om du legg fram prov i ein artikkel utan å vise til ei kjelde, er det rett og slett ikkje å sjå på som prov.

Det er viktig at du ikkje brukar statistikk og andre fakta feil. Du bør heller ikkje blande stoff utan kjelder og referansar inn i ein artikkel med elles gode referansepunkt. Då er det betre å nytte diskusjonssidene. Kanskje klarar du, i samarbeid med andre brukarar, å finne kjelder som gjer artikkelen betre.

Etikk[rediger]

Journalistar bør følgje ei rekkje etiske retningsliner. Det er greitt å ha eit gjennomtenkt forhold til, og kanskje ha lese litt om etikk innan journalistikken når du driv førstehandsjournalistikk.

Snakk med kjelder[rediger]

Prøv å alltid bruke fleire kjelder. Spesielt om emnet du omtalar er kontroversielt - då bør du ha kjelder frå "begge sider av saka" (alle tre sidene, om mogeleg!).

Den du snakkar med bør gjerast fullstendig klår over kven han snakkar med, og kva som er føremålet med samtalen. Ho bør informerast om at du tek opp lyd eller noterar det som vert sagt, og at det er eit intervju som vert gjennomført.

Du bør gjere alle partar merksame på at du har som føremål å publisere det som kjem fram av informasjon. Det er lettare å få eit ja på førehand enn å overtale ein sint person om at du ikkje prøvde å fornærme ho.

Om dei ikkje aksepterar at du publiserar det dei seier, so kan det vere ein god idé å ikkje leggje ut korrespondansen dykkar i sin heilskap på sida, men berre sitere nett det som er relevant for emnet.

  • MERK: WikiNytt har endå ikkje klåre retningsliner om det her emnet, sidan vi endå ikkje har fått ein full gjennomgong av lovverket. Norsk lov vernar både media (talefridom) og privatlivet, so du må bruke sunn fornuft, og kanskje sjekke kva lova seier om publisering av materiale utan tillating frå kjelda. Viss du undersøkjer lovverket er det fint om du bidreg med å lage retningsliner for vidare framferd i WikiNytt. I USA veit vi at sitering av det som er relevant for ei sak hamnar under sokalla Fair use eller Fair dealing-lover.

Det er særs viktig at du sjekkar opp, og spør om opphavsretten til alt materiale, bilete, video, tekst, osb, som kjelda di har brakt deg, og som du ønskjer å nytte i artikkelen din. Det er ofte sånn at komersielle verksemder ikkje vil la materialet sitt lisensierast under ein fri lisens, so ikkje la deg skuffe! Men her kan du likevel kanskje bruke materialet etter "Fair use/Fair dealing"-tanken.

Skilde journalistar har skilde syn på lydopptakarar. Mange meinar at lydopptak ikkje bør leggast for stor vekt på som prov.

I ein intervju-situasjon er det ofte lettare å finne fram til det du treng om intervju-objektet er avslappa, og ikkje kjenner seg "avhøyrt" eller liknande.

Om det er noko som helst du er usikker på - klår det opp med ein gong, medan du har kjelda framfor deg.

Namn er veldig viktige, og lette å blande saman eller skrive feil. Nokre journalistar skriv ned namnet i byrjinga av intervjuet, og viser det til kjelda for å vere trygg på at det er stava rett.

Intervjua vert alltid betre di nærare intervjuaren er kjelda si. Til dømes får du eit betre inntrykk av intervjuobjektet om du møter han på arbeidsplassen enn om du pratar med han på telefonen. Du bør merke av kva som er informasjon frå andre nyhendeslepp, frå telefonsamtalar, epostkorrespondanse, osb. Det kan vise seg å vere relevant i ettertid.

Som førebuing av eit intervju bør du kjenne til det mest grunnleggande om intervjuobjektet, kva ho driv med og om emnet du skriv om. Til dømes er det ikkje ein fordel å spørre ein ordførar kor tid han vart vald. Det skal vere mogeleg å finne ut av på førehand.

Det intervjuobjekt seier og gjer etter at eit intervju er avsluttamå reknast som "off-record" (enkelt og greitt; etter intervjuet). Du bør vanlegvis ikkje sitere dei på noko dei seier, rett og slett ikkje publisere noko frå "off-record"-perioden. Om du ønskjer å nytte informasjon frå den her perioden bør du spørje om tillating til nett det.

Sidan WikiNytt endå ikkje har nokon formell godkjenningsprosess for skribentar, kan du ikkje presentere deg som ein representant for WikiNytt, men som ein «uavhengig» journalist/skribent. Det passar seg sjølvsagt at du i same andedrag informerar dei om kvar du har planlagt å publisere materialet du samlar inn, men du må vere heilt sikker på at dei du snakkar med forstår at dine handlingar og haldningar ikkje er representative for nokon andre som skriv for eller nyttar WikiNytt. Det gode eller dårleg ryktet til WikiNytt kan heller ikkje reflekterast over på deg; WikiNytt er eit ope, offentleg nyhendeforum, som ikkje garanterar for kvaliteten på materialet som vert publisert.

Legg vekt på å vere høfleg og ikkje forutinntatt (ikkje gje uttrykk for å ha gjort deg opp ei meining på førehand).

Augevitneskildring[rediger]

Når du rapporterar som vitne til ei hending bør du gje ei kort avklaring av kven du er og kvifor du var til stades under hendinga, på diskusjonssida til artikkelen (les meir under "Ta notat"). I ein sånn situasjon er det du som er kjelda, og andre personar kan ha lyst til å ta kontakt med deg for å få stadfesta innhaldet i artiklen, intervjue deg, eller søkje andre detaljar frå deg.

Les òg (Engelsk Wikinews)[rediger]

MERK: Av di WikiNytt er eit ungt prosjekt har vi endå ikkje utvikla våre eigne retningsliner, og byggjer i stor grad fullstendig på andre Wikinews-prosjekt sine sjølvutvikla retningsliner. Ei naturleg kjelde å ta utgangspunkt i for å utvikle retningsliner for WikiNytt er svenske Wikinews.

Årsaken til at vi listar opp retningsliner frå engelsk Wikinews her, er at den engelske utgåva er mellom dei aller største utgåvene.

Lenkjer ut (på engelsk)[rediger]

Vi håpar å snarleg finne tilsvarande lenkjer til norske nettressursar om journalistikk.

Interviews
Reporting basics
Journalism sites