USA og India nærmar seg atomkraft-avtale

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 1. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


USAs president George W. Bush
Indiaa statsministeren Manmohan Singh

USA: / India: Når presidenten i Sambandsstatane (USA), George W. Bush no førebur seg på ei vitjing til India den 2. mars, arbeidar diplomatar frå begge land hardt for å verte samde om ein USA-Indisk atomkraft-avtale på førehand.

Den kraftige veksten i indisk økonomi, med heile 8 % årleg vekst, har ført til store utgifter for både den sivile og militære infrastrukturen i landet, men få av dei indiske kontraktene har hamna hos verksemder med hovudsete i USA. Sambandsstatane sit med eit handelsunderskot til India som nærast vart dobla mellom 2001 og 2005, og no ligg på om lag 10 milliardar USA-dollar.

Ein handelsavtale som omfattar atomkraft vil vere viktig for både indisk og amerikansk økonomi, og kan føre til ei sterk auke i handelen med høgteknologi mellom dei to landa. Likevel ser det ut til at avtalen har låst seg i ein diplomatisk strid om kva for atomreaktorar i India som er sivile, og kva for reaktorar som er militære.

- Vi sit i harde forhandlingar forhandlingar, sa den indiske utanriksministeren Shyam Saran måndag.

Forhandlingane tek sikte på å trygge den amerikanske kongressen om at ei framtidig deling av atomkraft-teknologi mellom dei to landa ikkje vert nytta til å produsere atomvåpen. Dei to partane har arbeidd lenge med å skilje mellom det sivile - og det militære atomprogrammet i India.

- Avgjerda om kva for anlegg som kan identifiserast som sivile kjem til å verte avgjorde av India åleine og utan innblanding frå andre, sa statsministeren i India, Manmohan Singh i ein tale til parlamentet måndag.

Ryktet seier at Bush kjem til å signere avtalen

Den indiske nettavisa DNA India melder om at Singh skal ha fått stadfesta av Condolezza Rice, i ein telefonsamtale måndag natt, at George W. Bush kjem til å skrive under på ein føremålsavtale om atomkraft-samarbeid når han vitjar India onsdag.

Forholdet mellom Sambandsstatane og India har ikkje vore særleg god verken under eller i den kalde krigen. Det vart heller ikkje betre då India, i 1998, gjennomførte ei vellukka atomprøvesprenging, og etablerte seg som ei atommakt. Den gongen innførte den amerikanske administrasjonen økonomiske sanksjonar mot landet som ligg i ulmande strid med nabolandet Pakistan om grenseområdet Kashmir.

I 2001 avgjorde administrasjonen i det Kvite Hus at sanksjonane mot India skulle opphevast, som ein del av arbeidet med å skaffe nye partnarar og støttespelarar etter terrorangrepa i New York 11. september same året. På det viset vart forholdet mellom dei to landa lettare, og i januar 2005 vart det inngått ein førebels avtale om deling av atomkraft-teknologi. Det er den avtalen som ligg til grunn for dei noverande forhandlingane.

Fredsprisvinnaren og leiaren for det internasjonale Atomenergi-byrået (IAEA), Mohamed ElBaradei har gått ut med støtte til avtaleframlegget. I motsetnad til USA, har India aldri vorte anklaga eller mistenkt for å spreie atom-teknologi.

Kashmir

Den pakistanske presidenten Pervez Musharraf oppmoda òg den amerikanske presidenten om å presse på for å få fortgang i å finne ei løysing på Kashmir-striden i løpet av vitjinga i India. Det kan òg verte eit tema under forhandlingane om ein atomhandelsavtale, sidan både India og Pakistan er atommakter.

Kjelder[rediger]

Lenkjer ut[rediger]