Vestfløyen av det kvite huset evakuert

Fra Wikinytt
Hopp til: navigasjon, søk

Målform: Nynorsk - Dato: 28. januar 2008 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Vestfløyen av det kvite huset.
Foto: Tina Hager

USA: Secret Service i USA har evakuert vestfløyen av det kvite huset i Washington, DC etter å ha funne ein mistenkeleg pakke. Meldingane seier at pakken vart funnen i hagen til det kvite huset, rett utanfor vestfløyen.

Ein person er arrestert etter at Secret Service seier han kom med ein «verbal trussel mot presidenten», George W. Bush gjennom eit gjerde ved vestfløyen. Han etterlét også pakken i hagen til det kvite huset.

«Ein enkeltperson vart arrestert for å ha kome med truslar mot presidenten ved eit gjerde. Han etterlét ein mistenkeleg pakke,» seier talsmann for Secret Service, Malcolm Wiley. Namnet på personen har ikkje kome fram, og det er ikkje kjent kva han vil siktast for.

Medlemmmer av bombepatruljen er på veg for å undersøke pakken. Området er avstengt for offentlegheita.

Relaterde nyhende[rediger]

Kjelder[rediger]