Nynorsk Firefox innan juni

Fra Wikinytt
Gå til: navigasjon, søk

Nynorsk - tysdag 21. februar 2006 - Oppdater artikkelen
Nynorskbrukarar har vorte førespegla ei komande nynorsk omsetjing av den frie nettlesaren Mozilla Firefox sidan den første ferdige versjonen av nettlesaren kom ut på bokmål i november 2004. Etter at målet om å få fullført omsetjinga innan versjon 1.5 ikkje vart nådd har Mozilla Noreg arbeidd for å rekruttere fleire nye dugnadsomsetjarar, og arbeidet ser no ut til å nærme seg målet.

Firefox 2.0 er venta i slutten av juni i år, og det ser lyst ut for at det innan den tid føreligg ei komplett nynorsk omsetjing av både nettlesaren Firefox og e-postlesaren Thunderbird.

Skjermbilete av Deer Park Alpha 2 (alfaversjonen av programvaren som har vorte omsett til no).

Til no har den norskutvikla nettlesaren Opera vore den einaste nettlesaren for Windows-platformen som har vore omsett til nynorsk, medan nynorske Linux-brukarar har hatt langt større valfridom på nettlesar-marknaden.

Når Firefox no ser ut til å kome i nynorsk bunad vert det truleg mykje lettare å konvertere til nynorsk programvare for Windows-brukarar som ikkje har våga å ta steget frå Microsoft sin Internet Explorer til den litt ukonvensjonelt utforma Opera-nettlesaren.

Med suksessen i lanseringa av Firefox 1.0 klart i minne er det òg grunn til å tru at ein nynorsk versjon av Firefox vil gjere fleire personar merksame på at det i det heile tatt fins nynorsk programvare.

Nye retningsliner

Dugnadslaget som skal omsetje Firefox tel no 11 medlemmer, og av dei er sju aktive i omsetjingsarbeidet. Laget er er i ferd med å leggje ned faste retningsliner for språkføring, for å få effektivisert arbeidet. Her vert det teke opp enkle spørsmål, som til dømes om Nynorsk Firefox skal skrivast med a-, eller e-infinitiv, og korleis laget held seg til an-be-heit-else-ord.

Wikinews
Den her artikkelen inneheld førstehandsjournalistikk av ein Wikinytt-brukar. Sjå diskusjonssida for meir informasjon. Førstehandsartiklar kan omsetjast gjennom WORTNET.
Kjelder

Ein alfa-versjon av omsetjinga, under kallenamnet Deer Park Alpha 2, er tilgjengeleg for både Windows og Linux.

Merk: Omsetjinga i den her versjonen er særs ufullstendig