GNU General Public License i ny drakt

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 17. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Richard M. Stallman under opninga av konferansen. I bakgrunnen ser vi FSF-advokat Eben Moglen.

Free Software Foundation (FSF) slapp måndag (16.01) eit utkast til den lenge omtalte nye versjonen av GNU General Public License (GPL) på den internasjonale GPLv3-konferansen i Massachusetts i USA. Nysleppet markerar den første revisjonen av den opne lisensen sidan GPL2 vart gjeven ut i 1991.

På pressekonferansen uttalte leiaren av FSF, Richard M. Stallman, at den mest merkbare endringa av lisensen er at den no er kompatibel med andre populære opne lisensar for programvare, herunder Apache Software License og Eclipse License. Ei anna merkbar endring er, i følgje Stallman, ein ny klausul i lisensen som hindrar bruk av GPL saman med sokalla Digital Rights Management (DRM)-teknologi.

- DRM kan aldri tolererast, understreka Stallman under konferansen.

Utkastet vart gjort tilgjengeleg på nettstaden til Free Software Foundation klokka 18:00, norsk tid. GPLv3-konferansen, som skal halde fram til tysdag på Massachusetts Institute of Technology, hadde samla om lag 200 deltakarar til morgon-møtet på måndag, då FSF-advokat Eben Moglen heldt eit føredrag på om lag 90 minutt om nyvinningane i lisensen.

I følgje den engelske Wikinews-reporteren Brandon Stafford såg det ut til at IBM og Sun Microsystems var dei representantane frå det kommersielle næringslivet som møtte opp med flest tilsette. Men dei hadde selskap i representantar frå mange fleire selskap, som til dømes Intel, Redhat, MySQL AB, Hitachi og Qualcomm, mellom fleire.

Wikinews
Den her artikkelen inneheld førstehandsjournalistikk av ein Wikinytt-brukar. Sjå diskusjonssida for meir informasjon. Førstehandsartiklar kan omsetjast gjennom WORTNET.

Kjelder[rediger]

Lenkjer ut[rediger]

Engelsk