Hopp til innhold

Elfenbeinskysten «på grensa til krig»

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 18. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


Elfenbeinskysten
Elfenbeinskystens flagg

Elfenbenskysten: Ivorianske opprørarar åtvarar mot at protestane og dei havararerte fredssamtalane i det sentralafrikanske landet Elfenbeinskysten er i ferd med å føre til open strid, melder BBC News.

Det regjerande partiet har trekt seg frå både samlingsregjeringa og fredssamtalane som har gått føre seg under leiing av SN. No har partiet gått ut med krav om at både dei franske - og SN-troppane skal reise frå landet. Partiet har endå ikkje teke i bruk militærmakt mot opposisjonsgrupper, men har tidlegare innført ein lov mot demonstrasjonar, som kan brukast til å legitimisere bruk av våpen.

Opprørarane, som har kontrollert dei nordlege delane av landet gjennom dei siste tre åra, seier seg villege til å halde fram med samtalane. Dei har i dei siste dagane teke kontroll over eit stadig større område; mellom anna kystbyen Abidjan.

Michele Alliot-Marie, den franske utanriksministeren, manar til ro, samstundes som generalsekretæren i SN, Kofi Annan, krev umiddelbar slutt på all «organisert vald».

Elfenbeinskysten har vore ustabilt sidan eit kuppforsøk i 2002, då landet vart delt mellom to politiske motstandsgrupper. Om lag 10 000 franskleia og SN-leia soldatar patruljerar grensa mellom dei regjeringsstyre områda og opprørsområda.

Leiaren for den ivorianske folkefronten, Pascal Affi N'Guessan, skuldar verdssamfunnet for å organisere eit «konstitusjonelt statskupp» i heimlandet. N'Guessan har uttala at partiet sine ministrar kjem til å gå frå regjeringspostane sine, og at det burde opprettast ei «fridomsregjering».

For eit drygt år sidan vart 8000 vestlege menneske evakuert etter at ei gruppe opprørarar gjennomførte eit større angrep på franskmenn i landet. Demonstrasjonane som går føre seg no er langt mindre omfattande.

Den franske utanriksministeren understrekar at fredsprosessen må haldast ved like, samstundes som ein talsmann for det franske militæret, Henri Bentegeat, gjekk ut med krav om SN-sanksjonar av Elfenbeinskysten. Bentegeat trur at det internasjonale samfunnet er i ferd med å misse tolmodet, og at den Afrikanske Unionen (AU) no er nøydde til å vere opne for sanksjonar som gjer det mogeleg for SN å gjere noko aktivt i området.

Relaterde artiklar

[rediger]

Kjelder

[rediger]