Ecuador: Unntakstilstand i tre provinsar

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 8. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


Ecuador: Det er nå innført unntakstilstand i tre provinsar i Ecuador, melder CNN.

Tysdag erklærte president Alfredo Palacio unntakstilstand i provinsane Sucumbíos, Orellana og Napo etter at omkring 4000 kontraktarbeidarar hos det statseigde selskapet Petroecuador gjekk til streik. Arbeidarane uttrykte misnøye med seine lønsutbetalingar og deltidsstillingar, og stengde av elektrisitetsforsyninga slik at produksjonen fell med 34 %. Petroecuador har finansielle problem i følgje meldinga hos CNN.

Oljeproduksjonen i Ecuador går føre seg i opphavleg tropisk regnskog i nordlege del av Oriente-regionen. Olja vert ført gjennom røyrledningar over Andesfjella til kysten kor ho vert utskipa til bl.a. Sambandsstatane. Så seint som 22. februar i år meldte Aftenposten om unntakstilstand i Napoprovinsen etter samanstøyt mellom soldatar og aktivistar. Aktivistane kravde at meir av fortenesta frå petroleumsverksemda vert overført til bygging av infrastruktur i lokalsamfunnet.

Relaterte nyheter[rediger]

Kjelder[rediger]