Chirac: Frankrike kan komme til å bruke atomvåpen

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk - fredag 20. januar 2006 - Oppdater artikkelen


Jacques Chirac
Foto: Marcello Casal/Agência Brasil

Frankrike: Presidenten i Frankrike, Jacques Chirac, åtvarar i følgje nettavisa EUobserver.com om at Frankrike kan kome til å bruke atomvåpen mot statar eller grupperingar som terroriserar eller brukar masseøydeleggingsvåpen mot dei.

- Leiarane av land som prøvar å terrorisere oss, til liks med dei som, på eit eller anna vis vurderar å bruke masseøydeleggingsvåpen mot oss, må forstå at dei legg seg sjølve opne for eit fast og tilpassa motåtak frå vår side, sa statsleiaren i følgje avisa under ein tale på atombasen i Bretagne i Frankrike.

Presidenten la til at uttalen kunne reknast som ei fransk doktrine, men at den kanskje ikkje var det òg.

EUobserver.no skriv at det her er første gongen ein fransk statsleiar har kopla mogeleg bruk av atomvåpen til terrortrugsmålet.

Samstundes har Iran nett teke opp att sitt eige atomprogram, mot sterke protestar frå det internasjonale samfunnet.

Kjelder[rediger]


Wikinews-logo-sv-telegram.svgDenne nyhetssaken er en kort telegramartikkel. Vet du mer om nyhetssaken, kan du hjelpe til med å utvide den.

Lurer du på hvordan du kan gjøre artikkelen bedre? Se Hvordan skrive en artikkel