Bomber i Bangkok på nyttårsdagen

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 31. desember 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


Thailand: Minst seks bomber vart sprengde tidleg på nyttårsaftan i Bangkok. To personar vart drepne og eit tjuetals personar skadde i eksplosjonane.

Fire sprengladningar gjekk av samstundes i fire skilde deler av hovudstaden i Thailand, rundt klokka 06:00 lokal tid (12:00 norsk tid, GMT+1).

Den første eksplosjonen gjekk av på ein busstopp på Sigersmonumentet i byen, som er ein viktig møtestad for kollektivtransport. Ein annan eksplosjon gjekk av i nærleiken. Fem personar vart skadde, og ein av dei døydde seinare på sjukehuset.

Endå ein dødeleg eksplosjon gjekk av frå ei bombe som var gøymt i ei bosbøtte på Khlong Toei-brygga, i nærleiken av Na Ranong-krysset. Bomba skadde sju personar; av dei ei ti år gammal jente. Ein 61 år gammal mann døydde seinare av skadene på sjukehuset. Gasskanner frå gatekjøken i nærleiken eksploderte som følgje av denne bomba.

17 personar vart skadde i ein eksplosjon i nærleiken av ein Big C-supermarknad i Saphan Kwai-krysset. Eit vitne seier at ein mann her slapp ein granat frå ei gangbru.

Endå ein eksplosjon gjekk av i Sukhumvit Soi 62. Ingen vart skadde i den her eksplosjonen.

Ein eksplosjon vart rapportert å kome frå Nonthaburi-provinsen, nord for Bangkok. Endå ein eksplosjon gjekk av i ein Tesco Lotus-butikk i Prachachuen, medan endå ei var lagt i ei bosbøtte i Seacon Square, eit kjøpesenter i Prawet, eit stykke utanfor Bangkok sentrum. Den siste bomba vart teken hand om av politi, utan at nokon vart skadde.

Politiet granskar no mistenkelege pakkar o.l. i heile hovudstaden, rapporterar iTV.

Uklårt kven som står bak
Liknande angrep har aldri vore sett i Bangkok tidlegare. Men 2006 har vore eit turbulent år i Thailand, med eit dårleg gjennomført val av (tidlegare) statsminister Thaksin Shinawatra, og eit statskupp gjennomført av den militære leiinga, støtta av HM Bhumibol Adulyadej, den 19. september.

Etter statskuppet har Thaksin-sympatisørar vorte mistenkte for å brenne ned skular i delar av landet.

Det har òg lenge vore gjennomført valdshandlingar av muslimske separatistar i Sør-Thailand. Talet på daude etter desse opprøra er rekna til å vere om lag 1 900 personar i perioden 2004 til 2006.

Det er i skrivande stund (17:00) ikkje klårt kven som står bak bombene.


Nyhende frå Thailand i 2006[rediger]

Kjelder[rediger]