Verda held pusten saman med Hamas

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 27. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Fil:Abbaspalestine.jpg
Den palestinske presidenten og leiaren for Fatah, Mahmoud Abbas ber både USA og medlemmer i sin eigen organisasjon respektere valresultatet.
Montasje: Ukjend

Palestina: I den første offisielle uttalen frå Hamas etter brakvalet onsdag (25.01), ville ikkje organisasjonen endre på nokon av programpostane sine; Israel hadde framleis ikkje plass i deira Palestina. Israel sin statsminister, Ehud Olmert, var klår om at dei ikkje ville samarbeide med ei Hamas-regjering, og til no (27.01, 14:00) har ingen av dei internasjonale aktørane med interesser i Midtausten komme fram til korleis dei skal forhalde seg til ei mogeleg Hamas-regjering. Dei vel å uttale seg i generelle, avventdande omgrep.

- Vi vil gjerne samarbeide med ei kvar regjering; om den regjeringa er førebudd på å handle med fredlege midlar, seier utanrikskommisær i EU, Benita Ferrero-Waldner til EUobserver.com om det overraskande valresultatet.

I går (26.01) søkte den palestinske statsministeren Ahmed Qurei (Fatah) om avskjed, og fekk søknaden innvilga av den sitjande presidenten, Mahmoud Abbas (Fatah). Samstundes bad presidenten alle partar akseptere valresultatet, og anerkjende med det Hamas sin overveldande siger i valet til nasjonalforsamlinga i den palestinske styresmakta.

Klokka 18:00 same dagen vart det offisielt gjort klårt at organisasjonen som er både humanitær, politisk og militant, hadde vunne over 70 av dei 136 seta i den palestinske nasjonalforsamlinga, og med det kan ta makta åleine.

Israelske og palestinske distrikt
Montasje: Golbez/Wikimedia Commons
Er Hamas førebudd?

Kommentatorar og Midtausten-ekspertar hevdar at Hamas sjølve vart like overraska over den klåre sigeren som resten av verda vart, og at dei ikkje var førebudde på å måtte ta regjeringsmakta over palestinarane. Det kan òg dei første offisielle reaksjonane frå organisasjonen tyde på:

Ismail Haniya, Hamas sin listetopp framfor valet, sa at han ønskte å samarbeide med dei andre partia i nasjonalforsamlinga - inklusive hovudmotstandaren i valkampen, Fatah - om regjeringsmakta; trass i at dei sjølve sat med fleirtal i parlamentet. Ulike Fatah-representantar var tidleg ute med blank avvising av at dei kunne ta del i ei regjering saman med ein islamistisk organisasjon.

Det her var første gongen at Hamas tok del i eit val til dei demokratiske palestinske institusjonane som vart oppretta under Oslo-prosessane, sidan dei tidlegare ikkje har anerkjend institusjonane sin legitimitet. Dei har med andre ord inga erfaring frå palestinsk rikspolitikk, men sit kanskje snart åleine i regjering, om Fatah ikkje skiftar meining.

Spørsmålet om Hamas i det heile er styringsdyktige har vorte teke opp på fleire hald, og analytikarar og ekspertar seier på grunnlag av meiningsmålingar at hovudårsaken til at Hamas vann valet er at Fatah-representantar, som fleire gongar har vist seg å vere korrupte, ikkje har gjennomført det dei tidlegare har lova. Palestinarane ventar seg mykje av ei ny regjering; arbeidsløysa er høg, økonomien er skral og korrupsjonen hos representantar for styresmakta har vist seg å vere stigande. Samstundes ønskjer eit fleirtal av palestinarane ei fredleg løysing på konflikta med Israel, og har aldri vore so kompromissvillege i høve til grannestaten som dei er i dag - i følgje meiningsmålingar og NRK.

I natt hadde Fatah-tilhengarar allereie trekt til gatene for å protestere; dels mot sin eigen presiden, Mahmoud Abbas, som dei ville ha til å trekkje seg; dels mot Hamas sin valsiger. Leiinga i Hamas har gjeve klåre ordrar om at medlemmene skal halde seg vekke frå bråk, men samanstøyter var likevel umogeleg å unngå i eit land med so mange skytevåpen, og tre personar vart skadde i løpet av natta.

Den israelske statsministeren Ehud Olmert, vil ikkje samarbeide med ei palestinsk regjering der Hamas deltek.
Foto: Antônio Milena (Agência Brasil)
Israelske reaksjonar

- Det er to grunnar til at Hamas sigra; den eine er korrupsjonen i dei palestinske styresmaktene, og den andre er at Israel si einsidige tilbaketrekking frå Gaza vert rekna som veikskap, og eit prov på at terrorlina til Hamas fungerar, meinar den nyvalde leiaren for det israelske høgrepartiet Likud, Benjamin Netanyahu.

Men NRK Alltid Nyheter kunne i går rapportere om splitta meiningar blant israelarane dei møtte på kaféar i Jerusalem i går. Nokre var særs negativt innstilte, til liks med Likud-leiaren, medan andre meinte at Israel måtte anerkjenne eit demokratisk val hos palestinarane og prøve å gjere det beste ut av situasjonen.

Det internasjonale samfunnet ventar og held pusten

Trass i at Noreg har fjerna Hamas frå sine terrorlister, står organisasjonen framleis høgt oppe på listene til EU og USA. Offisielle representantar frå alle dei fire største internasjonale aktørane i Midtausten, Sambandsstatane, SN, Russland og EU har gått ut med krav om at Hamas må godkjenne Israel sin eksistens for at dei skal kunne samarbeide med organisasjonen, men representantar frå stormaktene var tidleg ute med avventande uttaler til det palestinske valresultatet:

- Vi vil gjerne samarbeide med ei kvar regjering; om den regjeringa er førebudd på å handle med fredlege midlar, seier utanrikskommisær i EU, Benita Ferrero-Waldner til EUobserver.com om det overraskande valresultatet.

- Hamas må gje opp målet om at Israel skal øydeleggast, krev presidenten i Sambandsstatane, George W. Bush, men legg til at «det palestinske folket ønskjer tenestar frå styresmaktene; dei vil ha helsetenester og eit godt utdanningssystem. Det er noko sunt i det at folket viser misnøya si i eit demokratisk val». Med det avviste han ikkje samarbeid med Hamas, men roste palestinarane og gratulerte med eit godt utført demokratisk val. Same tonen hadde Condoleezza Rice når ho uttalte seg til pressa.

Den norske utanriksministeren Jonas Gahr Støre understreka at «prinsipielt vil -og må- Noreg forhalde seg til ei regjering som kjem ut av eit demokratisk val i dei palestinske områda på same viset som vi gjer ovanfor andre land,» men at Noreg stilte krav om at dei laut halde seg til «dei sentrale krava til fredsprosessen;

- Det vil seie at ein ikkje nyttar vald, at begge folkesetnadane skal kunne leve innnafor internasjonalt vedtekne grenser, og at forhandlingsvegen lyt nyttast for å skape fred, sa Støre.

Både Russland, EU, USA og SN har offisielt lagt ned eit bastant krav til Hamas; at dei lyt offisielt anerkjenne Israel sin eksistens.

Det palestinske flagget
Montasje: Zach Harden
Ekspertane ser eit flakkande lys i tunnelen

- Det her er ikkje mindre enn eit politisk jordskjelv i Midtausten, sa NRK sin røynde utanrikskorrespondent Odd Karstein Tveit på NRK Alltid Nyheter i går kveld.

SN si spesialutsending til Midtausten, Terje Rød-Larsen åtvara det internasjonale samfunnet mot å dømme Hamas før dei har fått på plass ein regjeringsplatform. Han minnar om at Yassir Arafat sitt PLO stod på dei internasjonale terrorlistene i 1992, før Oslo-prosessen. I 1993 stod Arafat framfor Det kvite huset saman med Bill Clinton, Shimon Peres og Yitzhak Rabin.

Begge trur at omgrepet «embetet skaper mannen» kan verte gjeldande for eit Hamas i regjering, og at fredsprosessen plutseleg kan ha vorte dregen i gong på nytt om Hamas bøyer av for det internasjonale presset for å anerkjenne staten Israel.

Kjelder