Hopp til innhold

Pakistan får ettergjeve 20 millionar dollar av gjelda til Noreg

Fra Wikinytt

Nynorsk - tysdag 24. januar 2006 - Oppdater artikkelen
I samband med presidenten i Pakistan, Pervez Musharraf, sitt statsbesøk i Noreg, melde Noreg at ein ettergjev 20 millionar dollar av gjelda til Pakistan på 45 millionar dollar. Dette er ein måte å gjere oppattbygginga etter jordskjelvet i fjor lettare på.

Etter avtalen skal Pakistan investere motsvarande sum på oppattbygginga og redningsarbeidet, melde utanriksdepartementet.

Under sitt todagarsbesøk i Noreg kjem president Musharraf til å halde ei tale ved Nobelinstituttet og møte kong Harald, samt statsminister Jens Stoltenberg. Besøket kjem etter Stoltenberg sitt besøk i Pakistan i desember, som var det fyrste diplomatiske besøket mellom landa på høgste nivå.


Den her artikkelen er ein kort telegramartikkel. Om du veit meir om emnet den omtalar kan du utvide den.

Kjelder[rediger]