Mal:Sos-nn

Fra Wikinytt

Deltaking[rediger]

Skriving[rediger]

Kan eg vera med?[rediger]

Ja, alle er hjarteleg velkomne til å vera med. Sjå Wikinytt:Velkommen-nn for hjelp til å koma i gang.

Korleis kan eg skriva ein artikkel?[rediger]

Sjå Wikinytt:Skriv ein artikkel. Denne sida er utgangspunktet for artikkelskriving i prosjektet.

Må eg registrera meg?[rediger]

Du kan registrere deg, eller du kan redigera sider anonymt. Om ein registrerer seg får ein tilgjenge til fleire funksjonar, som opplasting av bilete. Registreringa er gratis, anonym og tek berre nokre sekund.

Korleis kan eg snakka med andre brukarar?[rediger]

Dersom du vil ha tak i ein enkelt brukar, gå til brukardiskusjonen deira og legg igjen ei melding. Neste gong dei logger seg på Wikinytt, vil dei kunne sjå at dei har fått ei ny melding. Er det ein enkelt artikkel det gjeld, kan du òg leggja inn ei melding på diskusjonssida til artikkelen. Sjå elles Wikinytt:Desken, som er det generelle diskusjonsforumet i Wikinytt.
Du kan signera innlegga dine på diskusjonssider automatisk med ~~~~, som gjer at brukarnamn med lenkje og tidspunkt blir viste.

Korleis kan eg legga inn bilete?[rediger]

For å lasta opp bilete lyt du vere innlogga. Vel «Last opp fil» i nedste ruta i menyen til venstre. Viss du vil legga biletet inn i ein artikkel skriv du t.d. [[Image:Biletnamn.jpg|right|Kort skildring av biletet]].

Kategoriar[rediger]

Kva er ein kategori?[rediger]

Kategoriar er ein måte å samla artiklar som har likt tema. Det fins vide kategoriar på toppen og snevrare kategoriar lenger nede. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i ser du nedst i artikkelen.

Korleis kan eg endre på ei kategoriside?[rediger]

Du kan endra kategorisidene på same måte som ein vanleg artikkel, til dømes kan du legge dei inn i ein overkategori ved å trykke på «Endre» og skrive inn til dømes [[kategori:Daglegliv]] og trykke «Lagre».
For å legge nye sider inn i ein kategori går du inn på sjølve sida du ønskjer å legge til, trykker «Endre» og skriv inn [[Kategori:Kategorinamn]] der.

Sletting av artiklar[rediger]

Kva for artiklar vert sletta?[rediger]

Artiklar som ikkje høyrer til i ein objektiv nyhendeportal, som reklame, oppdikta informasjon, eller rett og slett tull. Ofte er det mogleg å skriva artikkelen om slik at han vert sakleg og informerande, og då er det ikkje naudsynt å sletta han. Tomme kategoriar og artiklar høyrer òg som regel til i papirbøtta.

Korleis kan eg sletta artiklar?[rediger]

Trykk på «Endre» og skriv inn {{sletting|Årsak til at sida bør slettast}} og trykk på «Lagre». Artikkelen vert då lista opp i Kategori:Slett. Hugs å skrive ein kort setning om årsaken til at sida bør slettast. Viss du ønskjer å utdjupe kan du nytte diskusjonssida.

Om Wikinytt[rediger]

Kva tyder «wiki»?[rediger]

Ein wiki er ei samling av samanhengande internettsider som kan lesast og endrast av alle når som helst. Til dømes kan du endre på nett den her sida; trykk på «Endre» («Rediger») øvst på sida! Men prøv deg helst fram i Sandkassa først :-)
Ordet «wiki» kjem opphaveleg frå det Hawaiiske utrykket «wikiwiki», som tyder særs rask. Les meir i Wikipedia: wiki

Kva er målet med Wikinytt?[rediger]

I ein open nyhendeportal bygd i dugnad er det vanskeleg å snakke om eit eksakt mål, men det ligg ein visjon til grunn for arbeidet:
(...)Målet vårt er å skape ei fri nyhendekjelde der, om vi klarar å byggje ned dei digitale klasseskilja, alle menneske kan ta del i å skape dagsorden gjennom sine eigne rapportar om små og store hendingar(...)
Les meir i Wikinytt:Målsetnad-nn

Kor tid byrja Wikinytt?[rediger]

Den norskspråklege utgåva av Wikinytt vart opna den 11. januar 2006.
Dei første Wikinytt-versjonane var den engelske og den tyske versjonen, som vart starta på same dag den 3. desember 2004.

Kven eig Wikinytt?[rediger]

Eigaren av tenarane, domenenamnet og utforminga av sidene er den ideelle stigtinga Wikimedia Foundation. Innhaldet er gjeve ut under ein Creative Commons-lisens, so alle artiklane er difor ope og fritt tilgjengeleg for ålmenta.