Hopp til innhold

Magazinet fordømt av muslimske og arabiske nasjonar

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 20. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Midtøsten: Den kristne vekeavisa Magazinet vart torsdag fordømt av to grupper av muslimske og arabiske nasjonar, melder avisa The Jerusalem Post.

Årsaken til fordømminga er at Magazinet trykte om att dei særs omdiskuterte karikaturteikningane av den muslimske profeten Muhammed, som første gongen vart trykte i den danske avisa Jyllandsposten.

Det var den tiande januar at Magazinet trykte dei omdiskuterte karikaturteikningane. Etter eige utsegn ønskjer avisa på dette viset å verne om den vestlege presse- og talefridomen.


Den her artikkelen er ein kort telegramartikkel. Om du veit meir om emnet den omtalar kan du utvide den.

Kjelder

[rediger]