Konkurransenettstad krev MSN-brukarnamn og -passord
Målform: Nynorsk - Dato: 13. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Gratiskonkurranse.com fører ein konkurranse der dei ber deltakarane skrive inn påloggingsinformasjonen til MSN Messenger-kontoen sin. Legg deltakaren inn påloggingsinformasjonen sin får han eller ho eitt poeng for kvar person i kontaktlista. Desse kontaktane vert då tipsa om konkurransen. MSN Noreg seier at «…»
I avtalevilkåra står det «Vi kommer ikke til å lagre, logge eller registrere ditt Passport brukernavn eller passord. Denne informasjonen er bare nødvendig for å kunne logge deg inn på Passport-kontoen din og gi deg muligheten til å tipse kontaktene dine. Hvis dette fortsatt føles usikkert, anbefaler vi at du tilfeldig endrer passordet ditt før du bruker denne funksjonen.»
Konkurransen vert ført av det Göteborg-baserte selskapet Mobajl AB. Brukarar som registrerar seg i konkurransen går med på å ta i mot reklame frå Chanti, mailpepper, mobilkonkurranse.com og gratiskonkurranse.com i framtida.