Helsedirektør oppmoda til lovbrot

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk - torsdag 19. januar 2006 - Oppdater artikkelen
(Oppdatert fredag 20. januar)

I ein uoffisiell e-post frå 2. oktober i fjor, oppmodar direktøren i Helse Førde, Jon Bolstad, om at lokale pasientar skal plasserast bakerst i helsekøa på Lærdal Sjukehus, melder Dagbladet.no og Firda.no. Årsaken til nedprioriteringa av dei lokale pasientane skal vere at sjukehuset får meir pengar for å ta seg av langtreisande pasientar.

- Vi har ikkje lov til å forskjellsbehandle pasientar. Dette set oss i ein vanskeleg situasjon, seier avdelingssjef for kirurgi og ortopedi ved Lærdal sjukehus, Truls Jellestad, til Dagbladet.no. Avdelinga has fulgte ikkje opp oppmodinga frå helsedirektøren:

«Slik eg vurderar dette bør prio 1 være å stoppe inntak av pasientar fra Sogn og Fjordane på ortopediklinikken og fylle alle lister med eksterne pasientar. Det er nok pasientar (ser det ut til) + at dette gir de berømte merinntektene,» er innhaldet i eposten som vert dregen fram i dei to avisene.

- At nokon vil påstå at vi spekulerer i pasientar, tek eg avstand frå. E-posten var ei vurdering av kva som skulle gjelde på slutten av 2005. Hovudgrunnen var at vi hadde ein del rettspasientar som måtte prioriterast. Men dette gjeld ikkje no lenger, seier Bolstad.

Styreleiaren i Helse Førde, Clara Øberg, seier til Dagbladet.no at ho ikkje vil kritisere direktøren for innhaldet i e-posten.

- Styrevedtaket seier at ortopedklinikken skal ha 80 prosent eksterne pasientar. Administrasjonen sende ut den her e-posten då den såg at klinikken låg langt frå talet som låg i budsjettet deira.

Politiske reaksjonar[rediger]

I følgje regionavisa Firda reagerar sentrale politikarar sterkt på bodskapen i eposten. Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad seier at alle forsøk på å tukle med ventelistene er uakseptable, medan Rune Skjælaaen (Sp) i Helse- og omsorgskomitéenStortinget er sitert i avisa med at «det er skremmande at foretakssystemet pressar på for å få sine tilsette til å bryte lova.»

Lærdal Sjukehus har lenge vore omdiskutert, som eit av dei mange lokalsjukehusa i landet som vart truga med nedlegging grunna pengemangel i dei skilde helseregionane. Frykten i lokalmiljøet har vore at helsedirektøren skal sentralisere deler av - eller heile sjukehusdrifta til Førde, og fakkeltoga som har vore arrangert for lokalsjukehuset har drege profilerte rikspolitikarar frå den tidlegare opposisjonen (no; regjeringspartia).

Oppdatert: Får stønad frå overlegane og dei tillitsvalde[rediger]

Helsedirektør Bolstad får full stønad frå overlegane i heile Sogn og Fjordane, det skriv avisa Firda i ein artikkel i dag (20.01.06). Dei meinar at inntektene som skulle komme frå at kvar femte pasient på ortopediklinikken i Lærdal kom utanfrå var ein viktig del av det økonomiske grunnlaget for at klinikken vart oppretta.

- Han har vel tenkt i eit litt større perspektiv i høve til kva for avtalar som var inngått for Helse Førde, seier tillitsvald Rune Arild Larsen, som òg stiller seg bak Bolstad i følgje Firda.


Wikinews-logo-sv-telegram.svgDen her artikkelen er ein kort telegramartikkel. Om du veit meir om emnet den omtalar kan du utvide den.

Kjelder[rediger]