Google innfører sjølvsensur i Kina
Nynorsk - onsdag 25. januar 2006 - Oppdater artikkelen
Det amerikanske internetføretaket Google har meldt att dei kjem til å innføre sjølvsensur for å få tilgong til den kinesiske marknaden.
Google har hatt ein kinesisk versjon av sin populære søkemotor tilgjengeleg i fleire år, men kinesisk sensur har gjort det vanskeleg for brukarar i Kina å bruke tenesta. Gjennom å sjølv sensurere søkeresultata på ein ny vevstad – google.cn – håpar føretaket på å kome forbi sensuren, som ein meiner er mindre skadeleg enn det hadde vore å ikkje ha noka teneste i Kina.
Mange velkjende vevstadar er omfatta av den kinesiske sensuren, blant anna BBC, og mange kritikarar påpeikar at mykje viktig information vert gjort utilgjengeleg via google.cn – til dømes om Falu Gong-rørsla, Taiwan og massakren på Den himmelske fredsplass i 1989.
Google har i ei pressemelding sagt at dei planlegg å informere brukarane når søk vert sensurerte, samtidig som dei ikkje kjem til å tilby sine mail-, chat- og bloggtenester for å ikkje risikere at kinesiske myndigheiter krevar at informasjon om einskildpersonar vert utleverte. I fjor vart Yahoo anklaga for å ha levert ut informasjon som gjorde til at ein kinesisk journalist vart dømd til ti års fengsel.
|
Kjelder[rediger]
![]() |
Denne nyhetssaken er en hel eller delvis oversettelse av «Google böjer sig för Kina, inför självcensur», fra Wikinytt på svensk . |