Forhandlingar mellom Sri Lanka og Tamiltigrane på månen

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 24. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Colombo, Sri Lanka: - Noreg er villege til å arrangere samtalar mellom den srilankiske regjeringa og Tamiltigrane (LTTE) til og med på månen, om partane vart einige om det, sa den norske utviklingsministeren og spesialutsendinga til Sri Lanka, Erik Solheim, i går.

I følgje anonyme kjelder reiser Solheim til Kilinochchi på onsdag (24.01) for å møte med leiaren i LTTE, Velupillai Prabhakaran. Solheim reiser i eit srilankisk militærhelikopter, saman med ein norsk fredsdelegasjon på fire personar og ei gruppe norske tryggleiksoffiserar.

Oppdatert: LTTE og den srilankiske regjeringa har vorte samde om å møtast til forhandlingar i Sveits. Det meldte NRK P2 tidlegare i dag (25.01).

Den norske fredsdelegasjonen skal bestå av den norske ambassadøren i Sri Lanka, Hans Brattskar, Odd Naustdal og Sondre Bjotvedt frå Utanriksdepartementet og andresekretæren i den norske Sri Lanka-ambassaden, Tom Knappskog.

Torsdag (25.01) skal utviklingsministeren vere i New Dehli, truleg for å møte med mellom anna den indiske statsministeren, Manmohan Singh, før han reiser tilbake til dei regjeringskontrollerte delane av Sri Lanka. Regjeringskjelder i India seier at Solheim sin tilstadeversle i området kan vere eit teikn på ei positiv utvikling mellom dei stridande partane i den vesle øynasjonen som ligg like utanfor kysten til India.

Berre timar før Solheim landa på øya vart to sivile tamilar drepne i eit åtak mot ei militærpatrulje aust i landet; truleg gjennomført av Tamiltigrane. Den norske delegasjonen prøvar no å stoppe konflikta til å bryte ut i open borgarkrig igjen, og Solheim sin bodskap til leiaren i LTTE er truleg at presidenten i landet har opna døra på gløtt for å gå inn i «tidlege forhandlingar» med tigrane igjen.

– Det som er viktig er at begge partar respekterar kvarandre, respekterar våpenkvila frå 2002, reduserar valden og stabiliserar situasjonen, sa Solheim til AFP.

Solheim ville ikkje gå inn på detaljar i kva han og president Mahinda Rajapakse snakka om i ein og ein halv time i dag (24.01), men var klår om at «valdsauken er ei særs negativ utvikling»; minst 151 menneske har vorte drepne i den siste valdsbølgja som har herja øya i alle fall sidan desember.

I pressemeldinga frå presidenten sitt kontor etter samtalen går det òg fram at valdsauken var eit hovudtema for samtalane, saman med sjansane for å få stabla nye forhandlingar mellom dei to partane på beina igjen. Presidenten har sagt seg villeg til å gå inn i samtalar med leiaren for LTTE «for å få slutt på valdsbølgja».

Eigen muslimsk delegasjon?

Rauf Hakeem, leiaren for den største muslimske grupperinga på Sri Lanka, har tidlegare gått ut med krav om ein eigen muslimsk delegasjon i forhandlingane mellom den singalesiske regjeringa og tamilane. I dag møtte han òg med Solheim for å fremje sin sak. Med sine 7,5 % av folkesetnaden på om lag 19,5 millionar utgjer muslimane den tredje største minoriteten på øya.

USA engasjerar seg i konflikta

Undersekretær i det amerikanske utanriksdepartementet, Nicholas Burns, har òg vore på vitjing i Sri Lanka. På måndag (23.01) uttala Burns at Tamiltigrane var ei terroristgruppe, og framleis bannlyst av Washington, men at dei lyt handsamast heilt annleis enn til dømes Al Qaida likevel; hovudsakleg for å hindre eit nytt krigsutbrot.

Reaksjonane på uttalen lot ikkje vente på seg, og då Burns kom til Colombo, same dag som Solheim var der, hadde ei sjølvutnemnd marxistisk gruppe hengt opp plakatar over heile byen med eit fiksa bilete av Osama Bin Laden og leiaren for tamiltigrane saman. «Ja, hr. Burns. Det finnes berre ein reaksjon på terrorisme,» laud påskrifta på plakatane.

Forhandlingsforsøk fram til torsdag (26.01)

I den offentlege kalenderen til utviklingsministeren står det at Solheim skal vere i Sri Lanka frå og med førre søndag (22.01) til komande torsdag (26.01).

Utviklingsministeren vitjar Sri Lanka. Styresmaktene i Sri Lanka og Dei Tamilske Tigrane har bedt Noreg fortsetje arbeidet som tilretteleggjar for fredsprosessen i Sri Lanka. Utviklingsministeren leiar arbeidet frå norsk side og reiser til Sri Lanka for å sjå korleis prosessen kan førast vidare. I Sri Lanka vil han ha samtalar med begge partar, inkludert president Mahinda Rajapakse og LTTE-leder Velupillai Prabhakaran. Det vert óg lagt opp til ei feltreise for å sjå på gjenoppbygginga etter tsunamien.

Kjelder