Eksplosjon på fransk universitet

Fra Wikinytt
Hopp til navigering Hopp til søk

Målform: Nynorsk - Dato: 24. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Ein stor eksplosjon øydela ein forskingsbygning på eit fransk universitet i byen Mulhouse, aust i Frankrike på fredag. Fleire personar vart skadde i eksplosjonen i følgje naudhjelpspersonell på staden.

Redningsarbeidarar møtte tjukk røyk når dei kom til kjemisk institutt på universitetsområdet, i følgje eit vitne Reuters har prata med. Årsaken til eksplosjonen, som vart høyrt over store deler av byen, er endå ikkje kjend

Fransk fjernsyn rapporterte at minst ein person vart alvorleg skadd, og vitnet Cedric Ripedi fortalte til fjernsynsstasjonen LCI at han har sett innsida (av bygningen) heilt øydelagd. Det brann på fleire stader.

- Eg høyrte folk skrike inne i bygningen og eg såg ein skadd person, la Ripedi til.

- Det var ein enorm eksplosjon, og alle vindauga vart knuste, fortalte ein student som sat i ein bygning i nærleiken. Studenten oppgav berre førenamnet, Aude.

Kjelde

Artikkelen er omsett frå Engelsk Wikinews - Explosion in French College