80 000 lærarar i streik

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 29. mars 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Norge
Foto: Rei-artur

Norge: Frå klokka 12.00 i morgon streikar 80 000 lærarar i grunnskulen og på vidaregåande skular. Kommunenes Sentralforbund (KS) trugar med å melde saka til arbeidsretten dersom streiken vert gjennomført.

Lærarane som streikar er organiserte gjennom Utdanningsforbundet. Leiaren i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland seier ho meiner at situsjonen er så alvorleg at det er heilt naudsynt å streike dersom ein skal redde den norske fellesskulen.

- Denne streiken er ein kamp for å sikre kvaliteten i norsk skule, ikkje ein lønskamp, seier Hjetland.

Konflikten mellom lærarane og KS handlar om arbeidstid. Det vart i 2004 mindre tilgong til heimearbeid for lærarane. Dei skulle i staden arbeide meir på skulen, og dette skulle føre til m.a. betre elevkontakt og ressursutnytting. Evalueringa av denne avtalen syner at lærarane er svært misfornøgde med avtalen, slik ho er i dag.

KS meiner streiken er ulovleg, og vil stevne Utdanningsforbundet for arbeidsretten.

- Forhandlingene om arbeidstid pågår framleis, og dermed er streiken ulovleg, seier administrerande diretkør i KS, Olav Ullern.

Helga Hjetland seier Utdanningsforbundet er budde til å ta kampen i arbeidsretten dersom KS vil ta opp saka der.

Relaterde nyhende[rediger]

Kjelder[rediger]