UiB-studentar gjer opprør mot utskriftsprisar

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 22. november 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

- For studentar på Samfunnsvitskapleg fakultet er utskriftsprisane ofte ei stor utgift, og eg ser ikkje grunnen til at prisane skal vere so høge, seier Ben Holan som har starta underskriftskampanje for å få lågare utskriftsprisar på UiB.

- Det er jo berre å sette seg ned å rekne på kor mykje det kostar å skrive ut tre oppgåver i tre fag på eitt semester – gjerne i tre kopiar kvar. Det må studentane betale berre for å levere oppgåver, og då tykkjer eg det er rart at ikkje fleire protesterer. Det seier Ben Holan som sit i Studentutvalet på SV-fakultetet. Holan har på vegne av studentane starta ein underskriftskampanje på opprop.no for å få universitetet til å seinke utskriftsprisane.

Bakgrunnen for kampanjen er innføringa av Pullprint-systemet, eit sentralt utskriftsystem som medfører at alle studentar, uansett fakultet, må betale per utskrive ark etter følgjande prisliste: Enkeltsidig (svart/kvitt): kr 0,60
Dobbelsidig (svart/kvitt): kr 0,50
Enkeltsidig (farge): kr 3,00
Dobbeltsidig (farge): kr 2,50

Studentar klagar på det nye systemet
- Eg har fått mykje negativ tilbakemelding på det nye utskriftsystemet, men eg trur ikkje at universitetet har gått inn for å tene pengar på utskriftsystemet. Dei har enkelt og greitt gjort ein alt for dårleg jobb når dei rekna ut kva prisen burde vere. Eg mistenkjer dei for å ha ringt Høgskulen i Bergen, spurt dei kva pris dei tek og sett prisen litt lågare enn deira – og vore nøgde med det, seier Holan

- Målet er lik pris
Kjell Bernstrøm er personal- og økonomidirektør på UiB. Han meiner at dersom studentar ved nokre fakultet verkeleg kjenner prisen svi på lommeboka, må fakulteta gå gjennom rutinene sine. Sidan det sentralstyrte Pullprintsystemet er so nytt – og endå ikkje har vorte evaluert – vil han ikkje gå inn og endre prisen endå.

- På SV-fakultetet trur eg det tidlegare har vore sånn at studentane kunne skrive ut gratis so lenge dei hadde eige papir. Det fører nok til at SV-studentane føler at dei lyt betale meir no enn tidlegare. Men hovudmålet var til dels å standardisere utskriftstenestane, og dels å få ein einskapleg prisstruktur på universitetet. Men det er klart at denne typen kalkyler, der vi set ein standardpris vil ha utryggleik i seg, og eg kan ikkje seie noko om prisen er rett eller galen før vi har evaluert ordninga, seier Bernstrøm.

- Men det er ikkje tiltenkt at universitetet skal tene pengar. Dette systemet skal gå rundt, understrekar han.

Men studentar i Tromsø skriv gratis ut…
- Dei fleste utskriftsregimer inneber administrasjonskostnadar ved å halde systema ved like. So vi har ikkje noke kontrollregime ovanfor utskriftsvanene til studentane. Det er sånn at den jamne student skriv ikkje særleg mykje ut, medan nokre fagmiljø verkeleg treng å skrive ut meir enn andre, seier Lars Erik Støver, som er kvalitetskoordinator ved universitetet i Tromsø

- Med tanke på rekruttering trur eg kanskje ikkje vi skal gjere noko med dette systemet, seier Støver og med eit smil legg han til: - Kom til Tromsø, her er det gratis print!

Denne artikkelen er òg publisert gjennom Studentradioen i Bergen