UP-sjef dømt for promillekøyring

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 22. desember 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter


Tromsø: Tidlegare UP-sjef, Einar Holand er dømt for promillekøyring i Nord-Troms tingrett.

Holand vart dømt til 75 dagar i fengsel og 32 000 kroner i bot, samt sakskostnadar på 10 000 kroner. 30 av fengselsdagane er betinga. [1]

Holand vart òg dømt for forsikringssvindel. Han var på fest før utforkøyringa som førte til promille-åtalen, men hevda sjølv å ha vore edru.[2] I dommen vert det lagt vekt på at han har gjeve fire skilde forklaringar i løpet av rettshandaminga.[3] Holand tok betenkningstid, og ville ikkje gjeve kommentarar til pressa etter at dommen var offentleggjord.

Relaterte nyheter[rediger]

Kjelder[rediger]

  1. TV2 Nettavisen: UP-Holand må i fengsel
  2. Siste.no: UP-sjef dømt for promillekjøring
  3. TV2 Nettavisen: UP-Holand må i fengsel