Raudt ynskjer fri programvare i offentleg sektor

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 17. mars 2009 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Internett
Relaterte saker
Wikipedia
Wikipedia
Mer informasjon om internett på Wikipedia:


Daniel Søland Jackson frå IT-utvalet i partiet Raudt
Foto: privat

Norge: Partiet Raudt meiner no at tida er overmogen for å innføre fri programvare i offentleg sektor.

Daniel Søland Jackson i Raudt skriv i ei pressemelding at datavirus i det norske politiet og gode røynsler med GNU/Linux i det franske politiet gjer at ein bør skifte til fri programvare i heile det offentlege. I følgje Raudt vil bruk av fri programvare føre til lågare kostnader, sjølvstende frå einskildselskap og betre tryggleik. Partiet ser òg på fri programvare som demokratisk, og meiner at fri programvare gjer at ålmenta får innverknad på og innsyn i dei val som er tatt.

Jackson sit i IT-utvalet i Raudt, og har også tidlegare markert seg med radikale forslag. I 2007 meinte han at fildeling er byrjinga på ein ny industriell revolusjon, og foreslo blant anna ei «FONO-avgift» som kunne tillate fri deling av musikk.

Kjelder[rediger]