Hundrevis av muslimske pilegrimar drepne

Fra Wikinytt

12. januar 2006 

Pilgrimar i Mekka Foto: Ali Mansuri

Fleire hundre muslimske pilegrimar er skadd eller drepne i samband med pilgrimsferd til Mekka, melder BBC. Minst 345 menneske er døde og mange til er skadde etter å ha vorte klemde og trampa på i ei menneskemengde.

Representantar for styresmaktene i Saudi-Arabia fortel at fleire koffertar sklei av taket på ein buss, og traff ei menneskemengde. I kaoset etterpå vart mange trampa ned.

Over 2,5 millioner muslimar frå heile verda er no på den årlege pilegrimsferda til Mekka. Styresmaktene i Saudi-Arabia har sett i verk tiltak for å forbetra tryggleiken for dei mange truande. Trass i tiltaka fann katastrofen stad.

Dei tre søylene der dei truande var samla representerer staden der djevelen skal ha synt seg for Abraham. I løpet av pilgrimsferda Hadj, flokkar pilgrimane seg ved Jamaratbrua for å kasta stein på søylene, som er eit symbol på djevelen. Etter tilsvarande ulukker i tidlegare år er det sett opp veggar for å auka gjennomstrøyminga i menneskemassa.

Kjelder[rediger]