«Svensk ministersak» i Studentrådet på UiB

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 22. november 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter
Hermund Furu, sittande leiar i Norsk Studentunion ved Universitetet i Bergen (NSUB), var ein av fire personar som vart veld inn i Studentrådet etter valet i førre veke. Men Furu har ikkje betalt semesteravgifta, og var difor ikkje valgbar i følgje valreglementet.

Første setning i paragraf seks i reglementet for Studentrådsvalet lyder som følger:
«Alle registrerte studenter ved UiB har stemmerett. Alle som har stemmerett er valgbare.»

Med andre ord er det berre personar som er registrerte studentar ved Universitetet i Bergen som har lov til å stille til studentrådsval. For å vere registrert student på universitetet MÅ du, som kjent, betale semesteravgifta. Det har ikkje Hermund Furu gjort. Hermund Furu stilte i år til val for å representere Radikal Liste i Studentrådet – og kom inn under valet som vart halde i forrige veke.

Ein glipp
- Det er jo ein glipp som har skjedd frå vår side, ved at dette er noko vi ikkje har vore klare over før etter at studentrådsmøta før valet. Difor melde vi det som ei sak til Studentrådet at vi ønskte å gjere eit unntak frå reglementet, forklarte Marte Bakke i Studentenes Valgstyre til Turbostudent.

Ho understreka at Furu sjølv hadde opplyst om forholdet før han stilte til val. Ingrid Reitan, som representerer Blå Liste i Studentrådet er ikkje nøgd med situasjonen i det heile. Blå Liste måtte før valet stryke fleire kandidatar fordi dei ikkje stod i manntalet, og ho ser det som urettferdig når det same ikkje skal gjelde Radikal Liste.

- Eg synes at dei same reglane må gjelde for alle, og sjølv om Hermund Furu er NSUB-leiar i dag, so skal det regelverket som ligg til grunn gjelde for han òg. Viss han visste at han skulle stille til val, so burde han betalt semesteravgifta si for å få stå i det manntalet.

Systemfeil
- Eg var ikkje klar over at eg, når eg har eit fulltids tillitsverv i staden for å vere student, måtte melde meg opp og late som eg var student, men ikkje ta nokon eksamen – for å vere valbar, seier Furu sjølv om saka.

- Han hadde ikkje trengt å nytte seg av nokon av dei fordelane som følgjer med studentbeviset, viss han hadde dårleg samvit for det, seier Reitan som ikkje har forståing for Furu sin argumentasjon.

Furu ser at det er problematisk at sjølv om studentane på UiB har meldt han inn, kan det gamle Studentrådet no velge å kaste han ut. Men han vil ikkje kalle det udemokratisk. Han meiner at det ikkje har vorte gjort nokon feil i den her saka, men at det er systemet som har svikta.

- Det er openbart at det er store feil i eit system der dei som tek på seg fulltidsverv for studentane ikkje på nokon måte skal vere valbare til å halde fram med å arbeide med studentsakar. Men akkurat i den situsjonen eg har hamna i no, trur eg ikkje det vil vere rett om eg arbeider for å endre reglementet, men eg trur at mange vil innsjå at det er i Studentrådet si interesse at det her reglementet vert endra, seier Furu.

Redd det vert for sterkt personfokus
- Eg håpar at det, på bakgrunn av den prinsipielle diskusjonen, vert fleirtal for at Furu ikkje skal få sitte i Studentrådet. Men eg fryktar at valet kjem til å verte alt for personfokusert; fordi det er Hermund Furu, so skal han få sitje, seier Ingrid Reitan, som ville røysta i mot viss ho hadde hatt røysterett i saka.

Saka skal handsamast i eit ekstraordinært Studentråd på førstkommande måndag. Det er det gamle Studentrådet som kjem til å handsame saka, og Ingrid Reitan vil difor ikkje ha røysterett i saka. Hermund Furu sit sjølv i det rådet som tek avgjerda.

Denne artikkelen har òg vorte publisert gjennom Studentradioen i Bergen