Wikinytt:Fasemerking-nn

Fra Wikinytt

Den her sida finst òg på bokmål

Den her sida inneheld informasjon om korleis artiklar skal merkast etter kvart som dei vert skrivne.

Arbeidsmerking[rediger]

Namn Utsjånad Bruk
{{publisert}}
Inga synleg endring, men artiklen vert lagt i kategorien Kategori:Publisert. Det vil seie at den er klart for publisering på framsida. Artiklar som er gode nok til å verte publisert.
{{arbeid-nn}}
{{arbeid-nb}}
Det her merket skal berre nyttast medan du arbeidar aktivt med ein artikkel. Føremålet med merket er å unngå dobbelarbeid.
Merk: Hugs å alltid fjerne merket viss du ikkje arbeidar aktivt med artikkelen.
{{utvikling-nn}}
{{utvikling-nb}}
Den her artikkelen er under utvikling.
Ver gild og skriv meir i den.
Viss den er klar for publisering kan du endre
{{utvikling-nn}}-merket til {{publisert}}
for å signalisere at den er klar for framsida.
Artiklar under utvikling
{{framtid-nn}}
{{framtid-nb}}
Det her er ein artikkel om eit framtidig emne.
Den skildrar ei hending som ikkje har funne stad endå.
Når høvet melder seg kan {{Framtid-nn}}-merket endrast til
anten {{Utvikling-nn}} eller {{Publiser}},
alt etter kva for stand artikkelen er i.
For artiklar om framtidige hendingar; hendingar som endå ikkje har funne stad, til dømes val.
{{utgått-nn}}
{{utgått-nb}}
Den her artikkelen er ufullstendig, og har ikkje vorte endra på ei god stund. Den vert difor rekna som utgått. Utgåtte artiklar vert lista opp på slettesida.
Artiklar som har vore under utvikling so lenge at dei ikkje lenger kan reknast som nyhende.

Kvalitetsmerking[rediger]

Malnavn Utseende Brukssted
{{subjektiv-nn}}
{{subjektiv-nb}}
Caution Det er usemje om Objektiviteten i den her artikkelen.
Artiklar som verkar å bryte med nøytralitetsprinsippet i Wikinytt.
(Hugs å grunngje merkinga på diskusjonssida)

Artikler som anses som subjektive (begrunn hvorfor du synes dette på diskusjonssida).

{{opphavsrett-nn|url=http://nettstad}}
{{opphavsrett-nb|url=nettsted}}

Det vert hevda at delar av, eller heile innhaldet i denne artikkelen bryt med opphavsretten.

Artikkelen vert omskriven på den her sida: Fasemerking-nn/Ny

WikiNytt kan ikkje akseptere brot på opphavsretten. Difor vert den her sida snarleg sletta for å fjerne alt materiale som er lagt inn utan løyve frå eigar eller opphavsrettsinnehavar.

Teksten som tidlegare stod her ser ut til å bryte med opphavsretten til teksten som er å finne på lenkja under:

http://nettstad

Viss det vart gjeve løyve til å nytte materialet som tidlegare låg her gjennom til dømes Creative Commons Attribution 2.5-lisensen eller du er eigaren av opphavsretten til materialet på sida vi lenkjer til ovanfor er det fint om du gjer uttrykk for det på diskusjonssida til artikkelen.

Om det ikkje låg føre noko løyve til å nytte materialet kan du skrive ein ny artikkel om emnet på følgjande side; Fasemerking-nn/Ny, eller la artikkel-emnet ligge i ro til den her sida vert sletta. (Merk! Ikkje kopier tekst frå den her sida, som bryt med opphavsretten til den nye sida og skriv det om der. Det kan føre til at opphavsrettsbrotet vert lagra i artikkelhistorien på den nye sida. Viss du opprettar ei ny artikkelside bør du seie i frå om det på diskusjonssida til den her artikkelen.

Dersom det viser seg at teksten på den nye artikkelsida berre er ei lett omskriving av det tidlegare innhaldet, og på det viset eit framhald av opphavsrettbrotet, kjem den òg til å verte snarleg sletta.

Artiklar som bryt med opphavsretten (der til dømes teksten er saksa frå ein annan nettstad). Alt innhald i Wikinytt skal vere lisensiert i Creative Commons eller ein tilsvarande fri lisens.

Det er ein ørliten sjanse for at artikkelen inneheld brot på opphavsretten - eller den har heilt klåre brot. Same sak; alt i Wikinytt skal vere lisensert i Creative Commons.

{{slett-nn|Årsak}}
{{slett-nb|Årsak}}

Den her artikkelen er merka for SLETTING.
Viss du ikkje er einig i merkinga kan du endre {{slett-nn|årsak}}-merket til eit passande merke og skrive kva du meinar om saka på diskusjonssida.
Årsaka til merkinga er følgjande:

Årsak
Artiklar som inneheld heilt openbar tull eller vandalisme.
Det her er ikkje eit merke som skal brukast i tide og utide; oftast kan problem løysast kjapt på diskusjonssida.