USA sender diplomatar frå Europa til Asia

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 19. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Condoleezza Rice
Foto: United States Department of State
USA
Europa
Asia

USA: / Europa: / Asia: Utanriksministeren i USA, Condoleezza Rice, har lagt planane for ei omskifting av fokus for sitt eige diplomatiske korps, melder Euobserver.com. I byrjinga kjem om lag 100 diplomatstillingar til å verte flytta med det same frå Europa og Washington til utvida ambassadar i land som til dømes Libanon, Kina og India, melder nettavisa.

- USA treng å skifte om på diplomatane våre rundt om kring i verda, sa utanriksministeren i følgje BBC, som rapporterte frå ein tale Rice heldt på Georgetown University onsdag (18. januar). Vidare i talen peikte Rice på det unormale i å ha like mange diplomatar i Tyskland, med sine 82 millionar innbyggjarar, som i India, med ein heil milliard innbyggjarar.

Fokusendringa kjem, i følgje Rice, som følgje av at verda har endra seg etter at den kalde krigen tok slutt, og at USA må ta desse endringane til etterretning, då trugsmåla i verda i dag er heilt annleis enn dei som prega verda før 1990. Trugsmåla viser seg i dag «meir innan einskildstatar enn mellom dei.»

- Den grunnleggande oppbygnaden av enkeltregime er viktigare i dag, enn maktfordelinga mellom nasjonane, meinte Rice.

Dei planlagde endringane tek mål av seg å skulle skape eit «transformerande diplomati», med føremål om å «søke fram og støtte opp om framveksten av demokratiske rørsler og institusjonar i alle nasjonar og kulturar, for på sikt å gjere slutt på alt tyrrani i verda vår.»

- Det er her det hender i dag, og då er det her vi må vere til stade, sa Rice og la til at det fins omkring 200 millionbyar i verda, som framleis ikkje har noko offisiell tilstadeversle frå USA; trass i at diplomatkorpset tel på heile 7 440 personar.

I følgje Washington Post har dei plutselege endringane i planane skapt fortviling i deler av diplomatkorpset. Opphaveleg var mange desse sett opp på ein plan for å rotere mellom ettertrakta diplomatstillingar i Europa, men vert no flytta til nyoppretta postar i Midt-Austen og innan dei asiatiske stormaktene.

Kjelder[rediger]