Minst 44 døde etter togulukke i Montenegro

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 24. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Montenegro

Montenegro: Eit tog med minst 200 passasjerar, av dei mange barn, spora av og fall ned i ei ravine ved byen Bioce femten kilometer nordaust for hovudstaden i Montenegro, Podgorica, ved firetida igår ettermiddag. (23.01)

Om lag 200 vart skadde ved togulukka og talet på omkomne har stige til 44. Dei fleste ombord på toget var skuleborn som var på veg heim frå ein skitur.

Innanriksministeren i Montenegro, Jusuf Kalomperovic, uttala: - Ulukka intraff på grunn av at bremsesystemet på toget slutta å verke, toget fekk for stor fart ned ein bakke og klarte ikkje ein sving nede. Toget spora av, og fall ned i ei 30 meter djup ravine.

- Toget kom ut av kontroll, sa ein skadd passasjer, - Eg klarte meg fordi eg befant meg langt bak i toget. Dei lengst framme måtte ta den verste smellen.

Den ungarske passasjeren Karman Chofu sa: - Det var forferdeleg, eg såg mange døde og skadde omkring meg.

- Eg hadde sovna og vart vekt av ein forferdeleg ulyd, sa Stanislava Bukovic på 60 år.

Sjefen for sjukehuset i Podgorica, Miodrag Djurovic, sa i ein uttale at fem skadde til hadde dødd om natta og 198 skadde, av dei 90 barn hadde vorte handsama og at 34 framleis befann seg på sjukehuset. Seks personar hadde vorte opererte.

Presidenten i Montenegro, Filip Vujanovic, og statsminister Milo Djukanovic skunda seg til ulukkesstaden. Transportministeren i landet, Andrija Lompar, og jernbanesjef Ranko Medenica har gått av på grunn av ulukka.

Togbanene i Montenegro går på fjell-terreng og er dårleg vedlikeheldne. Mange stadar må tog køyre i 30 km/t fordi sporbana er så dårleg og terrenget rundt er så farleg. Det er mange stadar ein bremsesvikt vil kunne føre til at eit avsporande tog vil falle langt.

Togføraren har vorte pågripen, anklaga for uvarsemd.

Bremsesystemet[rediger]

I alle tog finst det eit pnaumatisk (luftbasert) og eit mekanisk bremsesystem. Det pnaumatiske bremsesystemet vert kobla inn dersom ein passasjer trekk i nødbremss, eller dersom togføraren slepp knappen som må haldast inne under heile togturen, elles koblar bremsa inn. Den mekaniske bremsa vert kobla inn med ei mekanisk stong i kvar vogn, men er langt frå sterk nok til å stoppe eit tog i rørsle, men men vert brukt som handbrekket i bilen, når vognene står parkert.

Dei pnaumatiske bremsene i alle vognene har ein luftkompressor på 5 bar. Når bremsene vert starta, vil luften straume inn i bremsene frå store lufttankar. Det som kan vere skylda i at bremsene ikkje fungerer er enten ein defekt kompressor (eit lite luftsig kan gjere at det ikkje vert nok trykk når det trengst, sjølv om det er nok under bremsetesten), eller at togføraren ikkje har gjort ein skikkeleg bremsetest. Det er påbudt å ta ein slik før start, og ein må sjekke at bremsene fungerer i alle vognene. Det er langt frå nok bremsekraft i dei fyrste vognene til å stoppe heile toget, og dersom ei vogn ikkje har fungerande bremser vil heller ikkje nokon av vogene bak ha bremsekraft.

Det er ikkje fyrste gong at tog sporar av og personar døyr på grunn av defekte bremser.

Relaterde nyhende[rediger]

Kjelder[rediger]