Wikinytt:Skriv ein artikkel-nn

Fra Wikinytt
Gå til: navigasjon, søk

Den her sida finst òg på bokmål

Wikinytt er nyhendekanalen der alle kan vere med å fastsetje dagsorden - du òg!
Det er veldig enkelt; skriv tittelen på den nye artikkelen du ønskjer å skrive inn i tekstboksen nedanfor, og trykk på «Lag side».


Skriv ein ny artikkel


Døme:
«Sau skada i Jølster Skisenter sitt årlege slalomrenn»


Om å skrive artiklar

Tre hovudpunkt

Du står i stor grad heilt fritt til å skrive artiklar som du sjølv ønskjer det, men det er tre punkt som lyt vere med i artikkelen. Desse er med på å gjere det mogeleg å organisere alt stoffet vi etter kvart får lagra, og å trygge truverdet til stoffet som vert publisert.

1. {{artikkel}}-merket

Det her merket kategoriserar artikkelen automatisk etter målform og dato. Det skal skrivast inn øvst i artikkelen:

Døme:
{{artikkel|nynorsk|01. januar 2006}}

Resultat:
Dato og målform vert vist øvst i artikkelen når den vert førehandsvist eller lagra.

2. Kjelder

Det fins ingen veg utanom. Gode kjeldetilvisingar er ryggrada i Wikinytt. Artiklar utan kjeldetilvising for alle påstander vert ikkje publiserte; les meir om nøytralitetsprinsippet.

For førstehandsrapportering virkar det naturleg nok ikkje på akkurat same måten, men her lyt du òg ha eit grunnlag for alt du skriv.

Døme:
; Kjelder
{{Kjelde-nn|
utgjevar=Klassekampen|
adresse=http://www.klassekampen.no/kk/index.php/news/home/...|
tittel=Vil presse AP over Gats-krav|
skribent=Espen Løkeland-Stai|
dato=13. mars 2006|
}}
{{Kjelde-nn|
utgjevar=Hegnar.no|
adresse=http://www.hegnar.no/hegnar/newsdet.asp?id=212144&cat=116|
tittel=Astrologen ser nytt børsfall|
skribent=Stein Ove Haugen|
dato=23. mars 2006|
}}

Resultat:

Kjelder

3. Kategoriar

Etterkvart som vi får ei stor artikkelmengde er det viktig å gjere det so enkelt som mogeleg å finne fram i eldre artiklar. Difor er det viktig å ha gode kategoriar. Førebels kategoriserar vi etter tre hovudpunkt:

  • Tid (det skjer automatisk med bruk av {{artikkel}}-merket)
  • Stad
  • Emne

Kategori-merkene kan plasserast nedst i artikkelen. Her treng vi berre konsentrere oss om stad og emne, sidan artikkelen allereie er kategorisert etter tid.

MERK: Førebels lyt all kategorisering diverre gå føre seg på bokmål


Døme:
[[Kategori:Vestbredden]]
[[Kategori:Palestina-konflikten]]

Resultat:
Heilt nedst på artikkelsida kjem det ei liste over kva kategoriar artikkelen ligg i, og om du vitjar nokon av kategoriane vil du kunne finne artikkelen der.