Wikinytt:Målsetnad-nn

Fra Wikinytt
(Omdirigert fra «Wikinytt:Målsetnad»)

Den her sida finst òg på bokmål

Wikinytt–retningslinjer

Manifest (nn)

Målsetning (nn)
Målnøytralitet (nn)
Nøytralt ståsted (nn)

Opphavsrett (nn)
Bildepolicy (nn)

Oppførsel (nn)


15. januar 2001 starta ei lita gruppe menneske eit nesten utenkjeleg eksperiment: Dei gav om lag 10% av folkesetnaden på jorda (dei med tilgang til internett) sjansen til å skrive eit leksikon i lag, på alle språk og fritt tilgjengeleg for alle som har tilgang til internett, for alltid. I dei følgjande månadene og åra gjorde ikkje berre teknologiske nyvinningar draumen om til røynd, men ein skare av engasjerte deltakarar skreiv artiklar og skapte retningsliner og reglar for framdrifta av det nye prosjektet. Det heile skjedde i ein open og stegvis prosess, bygd på trua på at konsensus kan oppnåast gjennom samarbeid, og ei sterk tillit til menneskeleg fornuft.

Wikinytt[rediger]

Idéen bak Wikinytt er i grunn ikkje mindre utenkjeleg. Wikinytt skal vere ei nyhendekjelde med fritt innhald, og er eitt av dei (etterkvart mange) prosjekta som stiftinga Wikimedia Foundation driv. Målet vårt er å skape ei fri nyhendekjelde der, om vi klarar å byggje ned dei digitale klasseskilja, alle menneske kan ta del i å skape dagsorden gjennom sine eigne rapportar om små og store hendingar, anten dei er sjølverfarne eller sett saman av andre kjelder. Wikinytt byggjer på idéen om å skape noko nytt heller enn å angripe og øydelegge noko gamalt. Prosjektet er tufta på trua om at vi, alle saman, kan skape ein enorm og heilt unik ressurs som kjem til å gjere medielandskapen mykje rikare.

I byrjinga kan nok ikkje Wikinytt vise til mange originale rapportar, men vil likevel vere ein brukbar ressurs: Vi kan allereie by brukarane på tilnærma nøytrale og heilt fullstendig frie samanfattingar av nyhende frå andre kjelder. I den første tida kjem vi ikkje til å kunne dekke heile medielandskapen og alt som skjer, men det skal vi få til gjennom ei gradvis rekruttering av nye deltakarar. Wikinytt kjem til å vekse og gradvis verte meir truverdig og meir brukbart som ei nyhendekjelde.

I tillegg til målsetjinga om å vere ei sjølvstendig nyhendekjelde kjem Wikinytt-prosjektet òg til å utgjere eit alternativ til privateigde nyhendebyrå som Reuters, NTB og NPK. Vi kjem til å by medieaktørane i marknaden på ein gratis, fritt tilgjengeleg nyhendestraum av høg kvalitet, som kan komplementere deira dekking av aktuelle nyhende. Sidan materialet vårt vert publisert under ein copyleft-lisens kan den som vil nytte det til eiga nyhenderapportering, sjølv om dei ikkje deler nokon av våre verdiar, som til dømes nøytralitetsprinsippet. I startfasen kjem vi til å ha få nyhende, men dei kjem like fullt til å vere frie. Ingen treng ein gong å registrere seg eller logge inn på nettstaden for å lese eller nytte det som står i Wikinytt.

Verdiar[rediger]

Wikinytt står framfor store utfordringar framover, men kjem til å ta i bruk dei prinsippa som andre Wikimedia-prosjekt (hovudsakleg Wikipedia) har bygd seg opp på, og lære av historia til desse prosjekta: Nøytralitetsprinsippet, idéen om fri informasjon og gjennomsiktige avgjerdsprosessar er grunnverdiar som vi tek med oss i det vidare arbeidet.

Vi skal fremje grasrotjournalistikken, sidan vi trur at alle kan bidra til å gje eit godt bilete av kva som hender i verda vi har i kring oss. Tida er moden for å skape ei fri nyhendekjelde av folket og for folket. Vi ønskjer deg velkomen til å ta del i det her arbeidet som faktisk kan vere med på å endre verda for alltid.