Wikinytt:Kategoriar

Fra Wikinytt
Gå til: navigasjon, søk

Kategoriar samlar artiklar som har likt tema. Det finst kategoriar som dekker vide emne på toppen og deretter stadig snevrare underkategoriar. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i kan du som regel sjå nedst i artikkelen.

Korleis leggje ein artikkel inn i ein kategori[rediger]

Du kan leggje inn kategoriar medan du endrar ei side. På Wikinytt legg ein vanlegvis kategoriane nedst, mellom slutten av teksten (etter evt. malar) og interwikilenkjene.

Legg dei inn slik:
[[Kategori:Kultur]]
[[Kategori:Norge]]

Ved lagring vil denne artikkelen leggjast inn i kategoriane kultur og Norge. Når du legg inn hovudboksen øvst på sida, vert artikkelen automatisk datokategorisert, når du skriv inn datoen.

Sortering i kategoriane[rediger]

Artiklar vert sorterte automatisk i kvar kategori under første bokstaven (eller teiknet) i tittelen. Dersom ein ynskjer ei anna sortering, kan ein leggje inn denne saman med kategorien:

[[Kategori:Kultur|Musikk]]

Hovudartiklar i ein kategori blir vanlegvis lagde først i lista ved at ein sorterer dei under spesialteikn, vanlegvis mellomrom (ikkje noko teikn) eller asterisk:

[[Kategori:Kultur| ]]

Korleis lage og vedlikehalde ein kategori[rediger]

Kategorisidene kan endrast på same måte som ein vanleg artikkel, men lista over artiklane dei inneheld vert laga automatisk. Ein kan legge inn litt innhald i kategoriane, til dømes interwikilenkjer, ei kort innleiing, eit lite bilete eller peikarar til hovudartiklar.

Det viktigaste er likevel å plassere kategorien i kategorihierarkiet. Er du usikker på kvar kategorien høyrer heime kan du leite deg fram i Kategori:Wikinytt og nedover. Pass på at du ikkje lagar ein kategori som allereie finst under eit anna namn (til dømes ein kategori med nynorsk namn når vi allereie har ein med eit bokmålsnamn.