Telenor Pakistan: 2 millionar kundar etter berre 11 månader

Fra Wikinytt

nynorsk - onsdag 25. januar 2006 - Oppdater artikkelen
Telenor Pakistan har bygd opp ei kundemasse på heile 2 millionar abonnentar, berre elleve månader etter at selskapet starta opp i landet. Det skjer samstundes med at den pakistanske presidenten, general Pervez Musharraf er på statsvitjing til Noreg. Den pakistanske statsleiaren og hærsjefen har nyleg gjort det klårt at han ønskjer eit større innslag av utlandsk næringsverksemd og investering i landet, og takka Telenor direkte for deira bidrag til øknonomien i heimlandet.

- Eg er æra over at president Musharraf ønskte å vitje Telenor. Eg er òg særs nøgd med resultatet av rundebordskonferansen vi gjennomførte i dag, sa konsernsjef i Telenor, Jon Fredrik Baksaas om møtet med Musharraf.

- Dei pakistanske styresmaktene sitt bidrag for å trygge ein liberal og open marknad med like konkurranseforhold er essensielt for å trekke til seg investeringar, og fremjar utviklinga av kommunikasjonstenestene i Pakistan, sa konsernsjefen, som langt på veg prisa Musharaf sitt styre.

- Vi har fått auka innsikt i visjonane den pakistanske styresmakta har for landet og for føretaksmoglegheitene som eksisterar der. Den pakistanske styresmakta ser at telekommunikasjon er viktig i dagens samfunn.

Musharraf på trelands økonomisk friarferd

Generalen sin reiseplan innbar ei vitjing til Dei sameinte arabiske emirata, og til dei to største vest-europeiske landa utanfor EU; Noreg og Sveits. Turen er ei økonomisk friarferd for å få utvida dei bilaterale handelsavtalane mellom dei tre landa og Pakistan.

Før han reiste frå Pakistan søndag (22.01), var han klår om at norske investeringar i Pakistan var eit viktig punkt på møteplanen, og drog fram Telenor sine investeringar i landet som døme på den typen investeringar han ønskte meir av. Han sa at han ville vere takksam for all norsk investering i Pakistan, som samstundes vil hjelpe landet i oppbygginga etter jordskjelvkatastrofa i fjor.

- Eg kjem til å halde samtalar med dei norske styresmaktene om korleis vi kan styrke og utvide den bilaterale handelen mellom landa, sa diktatoren før han gjekk inn i flyet på Chaklala flyplass søndag.

Kjelder