Augusto Pinochet er død
Fra Wikinytt
Målform: Nynorsk - Dato: 10. desember 2006 - Oppdater
Augusto Pinochet, den tidlegare diktatoren i Chile er død.
Det er den chilenske fjensynskanalen Channel 7 som melder at Pinochet døydde av eit hjarteanfall søndag. Pinochet vart 91 år 25. november tidlegare i år. Helsa hans var dårleg dei siste åra han levde. Mellom anna vart han bypass-operert tidlegare denne månaden.
Pinochet heldt Chile i et militært jerngrep frå han på oppdrag frå høgsterett og parlamentet styrta president Salvador Allende i eit militærkupp 11. september 1973 til 11. mars 1990, då sivilt styre vart innført att i landet. Under diktaturet hans vart fleire tusen menneske myrda eller «forsvann», og endå fleire vart torturerte. Ein stor del av folket vart òg drivne i eksil.

