Fornyingsdepartementet får låna nettadressa miside.no

Fra Wikinytt

Målform: Nynorsk - Dato: 12. januar 2006 - Oppdater siden - Rediger artikkelen - Flere nyheter

Fil:HeidiGrandeRøys- MG 6344.jpg
Statsråd Heidi Grande Røys. Foto: Magnus Fröderberg, norden.org

Nettportalen MinSide er eit prestisjeprosjekt for Fornyingsdepartementet og statsråd Heidi Grande Røys. Målsetnaden er at kvar innbyggjar i Noreg skal få ein sams nettportal for kontakt med offentlege styresmakter. Departementet hadde ikkje sikra seg retten til nynorskversjonen av adressa, www.miside.no. Eigaren Fjell kommune lar no departementet få overta adressa, men legg inn ei prøvetid på eit halvt år. Om Språkrådet finn at det etter eit halvt år er god nynorsk språkføring på nettstaden, vil departementet få nettadressa til odel og eige. Ordførar Jan Utkilen lova dette i møte med ministeren tysdag, skriv avisa Vestnytt.

Målsetnad med MiSide[rediger]

Fornyingsdepartementet tek sikte på å lansera nettportalen MiSide i løpet av våren 2006. Målsetnaden er å utvida MiSide frå berre å inkludere tenester frå statlege etatar til og å tilby kommunale tenester. Eit døme på dette kan vera elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre ynskjer departementet å utvida MiSide til også å verta ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Ein vil til dømes kunna få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll – alt samla i same elektroniske postkasse.

Kjelder[rediger]