- Nettapotek er umoralsk og livsfarleg!

Fra Wikinytt

Nynorsk - Onsdag 18. januar 2006 - Oppdater artikkelen

Leiaren i Senterungdomen, Erlend Fuglum, går til frontalangrep på eit norskspråkleg nettapotek som sel mellom anna slankepiller og antidepresiva reseptfritt, marknadsført mot ungdom. Fuglum krev at regjeringa, der moderpartiet er representert, handlar mot selskapet som reklamerar med «Ingen legebesøk!»

- Å selge desse medisinane til ungdom, og å reklamere med at ein ikkje treng vitje legen, er ei kynisk verksemd sin leik med livet til unge folk, seier Fuglum, som har lagt fram ei liste over strakstiltak mot verksemda. Mellom anna krev han at «hvis det er den minste åpning for dette i norsk lov, så må loven endres, og det fort!»

I pressemeldinga frå ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet vert det trekt fram at nettapoteket ei stund har marknadsført seg gjennom Deiligst.no, ein nettstad som er særs populær blant norsk ungdom.

På den omtala nettstaden kan ungdom velge mellom medikament i kategoriar som «Antidepressiva», «Mannens helse», «Vektreduksjon» og «Smertestillende». Om reklama for nettstaden er rett kan desse medikamenta kjøpast utan noko samtale med legar eller profesjonelt helsepersonell. På nettstaden står det lite informasjon om verksemda, som i følgje pressemeldinga til Senterungdomen er basert i Hellas, men har nettstaden lagra på ein tenar i USA.

Wikinews
Wikinews
Den her artikkelen inneheld førstehandsjournalistikk av ein Wikinytt-brukar. Sjå diskusjonssida for meir informasjon. Førstehandsartiklar kan omsetjast gjennom WORTNET.

På spørsmål om dei driv lovleg, viser nettapoteket til eit rundskriv frå Statens Helsetilsyn av 10. mai 2000. I det skrivet står det mellom anna at «Innførsel av postpakker og andre forsendelser av legemidler til eget bruk er tillatt når det dreier seg om legemidler som er lovlig ervervet i et EØS-land. (...)» Men nettapoteket viser òg til ei side på veven til Statens Legemiddeltilsyn, der tilsynet sjølv lenkjer vidare til ei pressemelding der dei faktisk åtvarar mot å kjøpe den typen medisin over internett, som det omtala nettapoteket sel.

Det står understreka på framsida av nettstaden at det er 18 års aldersgrense for å handle medisin til eige bruk i nettapoteket.

Kjelder[rediger]